Referat fra møte i Regionsutvalg Midt-Norge, 3. mai 2010

Til stade: Randulf Søberg (leia møtet), Marit Halonen Christiansen, Helge Bjørnstad Pettersen, Harald Skogholt, Bjørn Hilt, Nils Håvard Dahl, Kjell Midelfart, Jon Helle

1. Vegaseminaret
Fagleg vellukka, men Vega hadde ikkje nok facilitetar for eit så stort møte. Reisa vart også for vanskeleg. Ikkje aktuelt å gjenta der. Ønskeleg å lage tillitsvalgtseminar neste år også. Det var ein del diskusjon omkring lokalisasjon (hurtigrute, hotell på fastlandet, danskebåt?) og kven som hadde ressursar til å vere drivkraft i gjennomføringa. Helge Bjørnstad Pettersen ønska at Sør Trøndelag legeforening skulle behandle saka først før ein tok stilling til vidare framdrift.

2. Landsstyremøtet
Vi planlegg ikkje regionsutvalgsmøte i samband med landsstyremøtet da det er så mange andre organisasjonsledd som har møter. Sentralstyret rår til at lovendringsforslaget om å legge ned regionsutvalga blir avvist. Vi deltar i debatten.

3. Sekretariat Midt-Norge
Både lovendringsframlegget om regionsutvalga og utgreiing som pågår om finansiering av lokalavdelingane, gjer det vanskeleg å ta stilling til dette før etter landsstyremøtet. Det vil vere nødvendig at Sør Trøndelag tar ei viss føring i etableringa, og det gikk fram at det er litt ulike haldningar til dette i styret der. Vi må kome tilbake til saka etter landsstyremøtet og etter avklaring i styret i Sør-Trøndelag.

4. St.Olav
Randulf orienterte om situasjonen ved St.Olav der det er blitt vanskelege samarbeidsforhold mellom legeforeninga og leiinga på grunn av fleire saker, mellom anna fleire usemjeprotokollar der direktør nytter styringsretten sin i påvente av sentral avklaring.

5. Seminar til hausten
Vi ønsker å arrangere seminar i lag med leiinga i Helse Midt-Norge til hausten. Aktuelle tema frå oss er særleg spesialistutdanninga og lege-lege samhandling mellom primærhelseteneste og sjukehus.

Møte med leiinga i Helse Midt-Norge RHF

Regionsutvalget vart supplerte med Marte Walstad, tillitsvalgt i Trondheim for AF. Frå Helse Midt-Norge RHF møtte: Gunnar Bovim, Daniel Haga, Henrik Sandbu, Nils Eriksson.

1. Samhandlingsreformen/Reform 2020
Daniel Haga orienterte om status for samhandlingsreformen og det vidare arbeidet med Strategi 2020. Det vart diskusjon rundt fleire tema i samband med dette.

2. Faste stillingar for LIS
Marit orienterte om bakgrunnen for legeforeninga sitt ønske om faste stillingar for legar i utdanningsstillingar og fordelane med dette for begge partar.

3. Pasientforløp
Ottar hadde eit innlegg om lege-lege samhandling mellom legar i primærhelsetenesta og sjukehusa for å få til gode rutiner og pasientforløp, med vekt på praksiskonsulentar og allmennlegar si deltaking i utarbeiding av felles rutiner.

4. Avtalespesialistar
Kjell Midelfart hadde innlegg om avtalespesialistane si stilling og ønske om at helseforetaket fulgte opp sin eigen rapport om avtalespesialistane.

5. Seminar til hausten
Helseforetaket er også interessert i eit felles seminar til hausten. Vidare implementering av Strategi 2020 vil vere eit aktuelt tema frå deira side.

Referat ved Ottar Grimstad