Praksisrettleiarar og andre allmennlegar som rettleiar - eller planlegg å rettleie - medisinstudentar, LIS1 og ALIS. "Kurset er ope for alle. For deltakarar som ynskjer å ta den nye praksisrettleiarutdanninga i allmennmedisin, PRAM620 (totalt 10 studiepoeng), er dette emnekurset obligatorisk oppstartssamling.
Alle praksisrettleiarar som tek imot studentar frå UiB i 6 vekers praksis og fullfører kurset, får dekt kursavgifta i etterkant, uavhengig av om dei tek den nye rettleiarutdanninga eller berre deltek på dette emnekurset. Fastlegekontor med kontoravtale med UiB får dekt éi kursavgift pr. student ein tek imot pr. år. Har du personleg tilsetjing som praksisrettleiar ved UiB får du dekt eigen kursavgift. Utgifter til reise og opphald kan søkjast refundert etter retningslinjer frå Legeforeningen sitt Fond II.
Me oppmodar praksisrettleiarar ved andre universitet om å høyre med deira universitet om dei vil dekkje kursavgifta.