Pediaterdagane 2027 i Stavanger – PÅ VAKT!

Årets møte har ein fellesnemnar, nemleg alt vi må vera PÅ VAKT for, både i barnelegekvardagen og i samfunnet rundt oss. Sidan sist møte i Stavanger i 2020 har verda endra seg mykje: Covid, krig, klimaendringar og KI er blitt daglegtale. Både helsepersonell, pasientar og foreldre må navigera i ein jungel av råd på internett og sosiale medier. Korleis kan vi gjera kloke val og gje gode råd? Vi må vera PÅ VAKT!
SUS

Vi tilbyr forkurs innan barnerevmatologi og POCUS (point-of-care ultralyd) - begge kursa tilbyr både teori og praktisk trening. Det er ingen krav til forkunnskapar.

Pediaterdagane startar på SUS Ullandhaug med hyperaktuelle innlegg om barnefattigdom og “det nye klasseskiljet” – korleis påverkar familieøkonomien borns oppvekst utover det reint materielle? Kva påverkar leseevner, korleis oppnår vi at flest mogleg tar sunne livsval, korleis få born i fysisk aktivitet – og kva med psykisk (u)helse? Det blir spanande foredrag og paneldebatt!

På kvelden blir det Get together på Stavangers trivelege bydelspub og mikrobryggeri Lervig Local. Vi får god lokal drikke, mat, drøs og underhaldning.

Dei to påfølgande dagane tilbringer vi på Clarion Hotel Stavanger. Torsdagen opnar med eit sterkt fokus på klimaendringar og betydning for barnehelse, i nasjonalt og globalt perspektiv. Vi får besøk av Claudia Torrealba frå Røde Kors og Iulia Marginean frå Cicero. Det blir frie foredrag, og etter lunsj får vi spanande parallellsesjonar med fokus på situasjonar ein med skrekkblanda fryd kan møta PÅ VAKT - både innan nyføddmedisin og blant dei litt eldre borna. Vi avrundar den faglege delen av dagen med interessegruppemøte.

Torsdag kveld inviterer vi til ein strålande festmiddag med talar, prisutdeling til beste frie foredrag og underhaldning. Husk dansesko!

Fredagen kan vi gle oss til til spanande parallellsesjonar med tema som krev at vi er PÅ VAKT for framtida: Ungdomsmedisin tar for seg kjønnsdysfori, fedme og funksjonelle plager - mens nyføddmedisin fokuserer på NEC, mikrobiom og antibiotikastyring. Vi presenterer lokal forsking, det blir FUBU og Styrets time, før vi avrundar Pediaterdagane med påfyll frå to svært engasjerte damer, nemleg gynekolog og leiar i rådet for legeetikk Tilde Broch Østborg, og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

La deg freista - velkomen til Stavanger i januar!

Lenke til påmelding 

Frie foredrag: Det blir opna for innsending av frie foredrag til Pediaterdagane 2027. Bidrag kan sendast inn som kasuistikk, vitskapleg arbeid eller kvalitetsforbetringsprosjekt. LIS blir spesielt oppmoda om å senda inn abstrakt, og deltek automatisk i konkurransen om beste foredrag.

Frist for innsending av abstrakt: 01.12.2026.

Abstrakt blir lasta opp direkte i Google Forms her

Opplasting kan vera avgrensa frå jobb-PC. Vi tilrår derfor å bruka privat pc.

Mal for abstrakt til frie foredrag

Ved spørsmål om frie foredrag kan motesekretaer@barnelegeforeningen.no kontaktast. Andre førespurnader blir retta direkte til programkomiteen.

Vi håper å sjå mange av dykk i Stavanger!