Gjør kloke valg: Unngå å bestille D-vitamin analyse hos personer uten økt risiko for D-vitaminmangel

– Denne tilrådinga har sin bakgrunn i at det har vore stor auke i rekvirering av vitamin D-analyser både i Norge og mange andre land dei siste åra, seier Steinar Hunskår, professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen.
Lege snakker med pasient
Illustrasjonsfoto

Tilsvarande har det vore ei stor auke i bruken av D-vitamintilskot, både som kosttilskot og som reseptbelagte høgdosepreparat. Dagens kunnskapsstatus gir ikkje grunnlag for ein slik praksis.

– Norske allmennlegar bør difor som gruppe endre atferd ved å redusere prøvebruken vesentleg og sjeldan å tilrå eller skrive ut høgdose vitamin-D-preparat, seier Hunskår.

Steinar Hunskår Ill: Fra UiB hjemmeside

Det er ikkje gode haldepunkt for at rutinemessig tilførsle av vitamin D til befolkninga gir positive effektar i form av auka levealder eller reduksjon av sjukdomsrisiko for viktige sjukdommar. Det er heller ikkje dokumentasjon for at rutinemessig måling av vitamin D med behandling av dei som er under ei grense på 50 nmol/L har positive helseeffektar, heller ikkje på brudd, diabetes eller kreft.

– Måling kan utførast som ledd i utredning hos personar med kjent auka risiko for vitamin D-mangel. Eksempel er pasientar med osteoporose, kroniske muskel- og skjelettsmerter, kronisk nyresjukdom og kjente tilstandar med redusert opptak av vitamin D frå tarmen. Personar med bakgrunn frå Afrika, Midt-Austen og Asia kan vere ekstra utsatt, forklarer han.

Trøtthet og slapphet bør heller ikkje vere indikasjon for måling av vitamin D i første omgang. Noklus har heller ikkje denne analysen med i sin anbefalte pakke ved slike symptom.

Om vinteren er det så lite solstråling i Norge at mange vil utvikle låge verdiar for vitamin D, men ikkje sjukdom.

– Det viktigaste er difor ikkje å måle, men å tilføre nok vitamin D i vinterhalvåret, for eksempel i form av tran eller lågdose vitamin D- tablettar. Ved bruk av tilskot kan ein hos dei fleste la vere å kontrollere, men ein bør i tilfelle uansett ikkje gjenta måling før etter 3 månaders bruk på grunn av lang halveringstid, avsluttar Steinar Hunskår.