Inntrykk innante’ fjorden

Det var spennande å møta på NAMF-møte for tillitsvalde på det fyrste oppdraget eg hadde for Ramazzini. Det var no 3 år sidan siste fysiske møte, og eg hadde heller ikkje vore på så mange fagsamlingar sidan pandemien slo inn. Godt var det å møta nye og gamle kjende og god tid til å drøsa om mangt og mykje med god relevans på faglege emne.
Bilde fra salen under tillitsvalgtskurs i Namf. Foto: Morten Langeland
Bilde fra salen under tillitsvalgtskurs i Namf. Foto: Morten Langeland

Tillitsvalgskurs i NAMF

Så kom me til samling etter sotten harde
Som tillitsvalde sjå faget: gullets vare.
På Losby gods med styrets gode hand.
Utsådd tema godt for heile vårt land.

ATS såg på oss som ein forlengja arm.
Eller var det «Norwegian arm»?
NHO og LO gav ei hjelparhand god.
Neste steg er teke, for no skal faget gro.

Jus-hjelp me har på huset vårt i by’n.
Tariff kan hjelpa når det manglar gryn.
Spesialistreglar up to date me fekk
Vår rolle me skriv klarare enn blekk.

Røykdykkarlegekompetanse er den nye vin?
Skilja seleksjon og helsekontroll, då er du fin.
Innspelsdebatten med godord mange til slutt.
Me møtest att, for ein alle tiders salutt!

ml, 03.02.23

Samling før middag. Foto: Morten Langeland
En liten samling før middagen. Foto: Morten Langeland

11 kvinner og 7 menn deltok (inkludert styremedlem) og i tillegg var det 3 eksterne bidragsgjevarar (Monica Seem, Ann Toril Benonisen og Irja Anthi ) og ein intern (DNLF sin advokat: Kristin Krogvold).

Samlinga var på Losby gods (kurs- og konferansesenter) der NAMF har hatt kurs før. Ei herleg historisk perle med mykje historie og gode historiar frå hotellet ved Jaques Langston, som hadde ei unik formidlingsglede på sitt norsk-/engelsk. Menyen synte at kurskomitéen ved Laila Torp og Yogi Samant hadde gjort eit godt val.

Arbeidstilsynet påpeikte at det nye  BHT-regelverket var resultatet av ein fleirårig prosess med mange innspel som førte til kriteria for BHT-godkjenninga, BHT-evalueringa og no den nye føresegna frå nyttår. Som i det obligatoriske BHT-kurset til Arbeidstilsynet påpeikte Monika Seem at dei såg på BHT som sin forlengja arm, så lenge BHT jobba med dei retta tinga, altså meir førebyggjande arbeid,  kjerneoppgåvene. Av dei 3 ulike BHT-modellane heldt dei på noverande framfor BHT for alle eller at verksemdene skulle avgjera sjølve.

Av det nye kunne nemnast Innanfor § 2 (administrative ordningar) at det var ein obligatorisk opplæring, og at bedriftene fekk krav om BHT-bistand til risikoforhold. BHT fekk no plikt til å levera slik bistand og dokumentera fokus på førebyggjande arbeid. Tilleggstenester skulle skiljast ut.

Arbeidstilsynet skulle ha BHT-tilsyn og kunne gje overtredingsgebyr. Dette skulle dei utføra frå mai med hovudfokus på at BHT leverte førebyggjande tenester ved å sjå på årsrapportar, plukka ut bedrifter frå kundelista og til hausten kontrollera gjennomført obligatorisk opplæring.

Innanfor føresegn om organisering og leiing (§13.1) ville det koma endringar ved revisjon av neste faktabok i 2024. Deretter ville det koma ei revisjon/oppdatering kvart 6. år etter annankvar faktabok. I oppgåveomtalen (§ 13.2) var «helse» bytt ut med «arbeidshelse». Elles har Arbeidstilsynet no laga standardtekstar til anbod, osv. Lovverket speglar arbeidsgjevar og BHT saman. Jfr. årsrapport. Arbeidsgjevar har same plikter, men risikovurdering er no løfta opp på lista.

NHO ved Ann Toril Benonisen heldt fram at BHT var den viktigaste hjelparen for godt arbeidsmiljø. Men det vart nokre utilsikta konsekvensar av det nye volumkravet i 2010 som førte til at mange små BHTer forsvann, og at fagfolk slutta. I dag var det også eit paradoks at det ikkje var godt nok formulert kva slags teneste som trongst, så det vart vanskar for små bedrifter, frisørar for å nemna nokre. Men arbeidsmiljøet var særs viktig for å rekruttera arbeidstakarar.

LO ved Irja Anthi tok fram at sjølv om det var mange positive faktorar i arbeidsmiljøet, var det såpass mange negative (dødslukker, yrkessjukdomar) med kostnadstal på 30 milliardar NOK i 2016 at strategien måtte endrast: Alle skulle koma trygt heim frå arbeid. BHT for alle (som no også er definert som ein av menneskerettane) var eit verkemiddel. Men gjennomslag for tydelegare mandat til BHT og fokus på førebygging var mellom dei krava som var gått igjennom. Det var ønske om at BHT skulle melda til Arbeidstilsynet dersom bedrifter ikkje nyttar BHT. Viktig ville det òg vera med fast tverrfagleg kompetanse og sikrare langsiktig økonomi i tillegg til at BHT i større grad kunne kursa dei tilsette om BHT og andre arbeidsmiljøemne.

Arne Nysæther, fagsjef i Falck, gjekk også gjennom det nye regelverket:
Det var positivt at kartlegging/risikovurdering er løfta meir opp. Viktige presiseringar var med, men av lite betydning for veldrivne BHTer. Iallfall ville det føra til påverknad av tingingar frå bedriftene.

Når det galdt tilleggstenester måtte ein sjå på kva som hadde effekt og viste til Lancet, juni -18 med ein artikkel om effekt på ryggplager. «Exercise and education” hadde moderat effekt medan andre tiltak hadde liten eller manglande effekt. Eit viktig framtidig poeng ville vera å ha ein god strategi framover sett i lys av at talet på at den økonomiske bereevna i form av arbeidstakarar i forhold til pensjonistar går ned, og at fysisk yteevne går ned med alder. STAMI sitt kunnskapsgrunnlag er viktig, men det kan vera ein tendens til ved muskel- og skjelettplager at ein set sjukdomsmerkelapp på normale tilstandar når den viktigaste årsaka kan vera unngåingsatferd og bekymringar.

Diskusjonsrunden kom fram med fleire merknader. Mellom anna var det ønske om at styresmaktene/Arbeidstilsynet sa meir om bruk av bedriftslege og yrkeshygienikar i bedriftene. Iallfall måtte desse yrkesgruppene meir ut i bedriftene for gjennomføring av risikovurdering. Dette kunne kanskje motverka at arbeidsmedisinarar vart sitjande med lite utfordrande arbeidsoppgåver som mange helseundersøkingar

Utdanning av arbeidsmedisinar vart for dyr, og det var ikkje tilskot frå NAV. Tilleggstenester kunne spesifiserast betre, for var seleksjonsmedisin og coaching brukt som HMS-leiaropplæring dette, eller ein del av dei førebyggjande tenestene?

Paradokset med at det ikkje fanst ei finansieringsordning for småbedrifter til BHT, vart òg nemnt. Men denne saka ligg framleis i departementet. Det vart òg etterlyst at Arbeidstilsynet kunne ha med arbeidsmedisinar på tilsyn.

DNLF-advokaten vår, Kristin Krogvold, fortalde om ein arbeidsmarknad i endring, drift med større tilbod i heilprivate BHTer. Tidlegare var det meir trygt m.o.t. forhandlingar. DNLF skal gjera kartlegging: Kollektive behov, einskildrådgjeving, m.m. Men dei har manglande informasjon om kvar medlema jobbar (privat sektor).

Det vart ein del kommentarar mellom anna at ein var mindre open om løn enn då bedriftslegane var ein del av leiinga. I tillegg burde lønsgapet mellom menn og kvinner undersøkjast meir. Når det ikkje var tariffavtale, fekk ein avslag frå DNLF om deltaking, og det var meir behov for kursing i forhandlingar. Det måtte også vera likestilling ved permisjon til sjukehusåret.

Foredragsholderne F.v.Ann Torill Benonisen, Monica Seem, Irja Anthi. Foto: Morten Langeland

På dag 2 hadde Ingrid Sivesind Mehlum presentasjon av spesialistregelverket for LIS3 i arbeidsmedisin. LIS overgangsreglar er i gang pr 1. mars og ein må konvertera innan utgangen av 2023. Ved søknad frå BHT om godkjenning innan fristen i 2019 tel teneste frå søknadsdato. (Nytt ledd i føresegna.) Ein kan også få det teljande før det, men må då få dokumentert at utdanninga er gjeve i samsvar med krava i § 23 og 25.

NB! BHT som ikkje har søkt. Må søkja før 31.12.2023.

Utdanningsplan:

  • Kva for læringsmål kan verksemda sjølv tilby.
  • Læringsarenaer
  • Korleis skal rettleiing (veiledning) og supervisjon ivaretakast.
  • Kva for andre verksemder har ein avtale med

Samarbeidsavtale med utdanningsverksemd.

  • Mal for samarbeidsavtale
  • Rettleiiande fordeling av læringsmål

BHT: vera ATS-godkjend.

Merknader: Rettleiing ved supervisør: Rettleiar godkjenner det supervisør (t.d. yrkeshygienikar) gjennomfører med kandidaten.

120 Læringsmål. Så læringsaktivitetar. Endringar i utdjupande tekst.

RegUt SØ er no fagkontakt for arbeidsmedisin.

Nettside: Leger i spesialisering LIS-utdanning - Spesialisthelsetjenesten

Kor mange arbeidsmedisinarar trengst i Noreg?

Ikkje registrert BHT kan gjera avtale med t.d. arbeidsmedisinsk avdeling. Evt. kan dei få godkjent læringsmål frå ikkje-registrert BHT.

Registrert BHT kan gjera avtale om rettleiaransvar for ikkje registrert BHT.

I alle BHT: Ønske om at bedriftslegar er spesialist eller under utdanning.

Kva for rolle skal me ha framover?

DNLF-landsmøte: -19: Jobba for at styresmaktene: Bidra til finansiering til rettleiing av LIS-kandidat til spes. i arb.medisin. Det trengst oppfølging av vedtaket.

På Teams hadde Tone F. Eriksen ei god oppdatering av rettleiinga for røykdykkarar og det å vera røykdykkarkompetent lege. Meir om dette kjem me tilbake til i seinare nummer av Ramazzini.

Ordet fritt til slutt:
Arbeidsordningar: (mange små stillingar som til saman utgjer 0,3 stilling) Kompetansekrav gjev 1,2 sttilling (yrkeshygienikar, arbeidsmedisinar, ergonomi, psykososialt) og 1,8 st. «inkompetanse).

  1. Sidan ein BHT no må vera godkjend og registert som utdanningsverksemd med arbeidsmedisinar som rettleiar, vil det føra til at små BHTer som ikkje er registrert, ikkje lenger får rekruttert bedriftslegar då dei ikkje får utdanninga godkjend som LIS3.
    Alternativet for desse vil vera å få avtale med godkjend utdanningsinstitusjon (arbeids-/yrkesmedisinsk avdeling). Evt. kan dei få avtale med samarbeidande BHT som så har rettleiaransvaret, og det følgjer med utdanningsplanar med læringsmål og læringsaktivitetar. Men då følgjer det med ei finansieringsutfordring.
  2. Problem at yngre, men også eldre kollegaer vert sette til andre aktivitetar enn det som er kjerneoppgåvene til BHT. Stor utskifting blant yngre, og dei eldre burde setja krav, evt. få seg ein jobb dei er godt kvalifiserte til. Det må også spesifiserast i stillingsutlysingar at arbeidsoppgåvene er i tråd med føresegner, og at stillinga inngår i eit utdanningsløp.
  3. Problem m.o.t. risikovurdering: Bistand til risikovurderinga frå yrkeshygienikarar: Lite tilgjengelege arbeidskraft att, og det vert gjort for lite lovpålagde målingar som skal gjera grunnlag for risikovurderingane.
  4. Tilbakemelding frå medlem vedkomande saker. Liten aktivitet, men det kan også vera relatert til at pga. GDPR får ikkje tillitsvalde melding om nye medlem. Evt. om sekretariatet kunne senda ut melding eit visst tal gonger i året på kor mange medlem som er i fylket og oppmoding til dei om å ta kontakt med tillitsvalde. Dersom tillitsvald ikkje får tilbakemelding, kan tillitsvald melda frå til sekretariatet som sender ut ny purring. Styret skal kontakta sekretariatet for betre rutinar.

Det var 3 år sidan siste tillitsvaldkurs. Viktig å få treffast att då slike møte er godt kontaktskapande og gjev lettare grunnlag for samarbeid.