Inntrykk innante’ og utover fjorden – Vårkonferansen 2023

Vårkonferansen 2023 den fyrste utanfor Soria Moria sidan Kirkenes 2019 var meir som i «gamle dagar» med Solstrand Fjordhotell ved Os i Bjørnafjorden som ramme.
Solstrand hotel og bad. Foto: imd

Oppstarten vart litt grått og småvått, men utsynet over mot Kvinnheradsalpane, og utebål gav assosiasjonar til Nicolai Astrup sitt «Jonsok-bål» i Jølster.

Meir kultur vart det med føredrag ved nevrologioverlege og professor ved Griegakademiet, Geir Olve Skeie, som i ord og tonar (flygel) sette musikk i arbeidsmedisinsk samanhang og oss i musikalsk refleksjon. Når så også ein av deltakarane våre, syskenbarn til Geir Olve Skeie, Frode Kleppestø, sette seg til tangentane fleire gonger seinare i løpet av konferansen, vart dette god repetering.

 

Neste dag tok Karl-Christian Nordby, avdelingsdirektør for arbeidsmedisin og epidemiologi på STAMI, oss gjennom grenseverdiar og målingar. Benzen vart brukt som eksempel frå grenseverdiar på 100 ppm i 1945 til 0,2 i 2021. Men grunna nye oppdagingar for nye målorgan som lunger vert det sannsynleg med lågare grenseverdiar seinare. Nordby har for øvrig vore med såpass lenge at han drive på med yrkeshygieniske målingar slik som yrkeshygienikarar gjer.
Det er tankevekkjande at ettersom tobakkseksponeringa har gått så kraftig ned, vert det meir tydeleg at industriell eksponering i større grad står bak lungesjukdomar som lungekreft og KOLS. M.a. i ein studie i 2022 ved Murgia og Gambelunghe vart det konkludert med at yrkesrelatert KOLS var den meste underrapporter yrkessjukdomen.

Eli Rognes Klepp, rådgjevar/fysioterapeut ved BHT ved NTNU, hadde så temaet: BHT som nøytral
rådgjevar innanfor psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø.

Dette var ein sti med ulike fallgruver. Viktige føre- setnader var at leiinga i verksemdene hadde god kunnskap om BHT og BHT si rolle, og at det var god kjennskap til eigne rutinar og retningsliner.

Det kunne verka paradoksalt at dersom ein i kursinnbyding sette inn ordet «konflikthandtering », vart det stor interesse for kurset. Men betre var det heller at ein øvde seg opp på førebygging ved å snakka saman om korleis ein skulle ha det på arbeid og få ein systematikk på korleis eit mangfald på arbeid kunne verta ein fordel for verksemda og arbeidsmiljøet.

Samstundes måtte BHT ha ein kontinuerleg refleksjon over si rolle, og helst burde ein ha heile stillingar.

Ulike dilemma vart drøfta i ein god case-gruppeoppgåve.

Så var det oppfølging frå fjoråret med «Kloke val» presentasjon og gruppearbeid ved kurskomitéen. Framlegga er fagmedisinske tilrådingar og ikkje pålegg, så det vert nok eit visst skjønn. Men alt skal ha rot i risikovurderingar. Likevel kan det vera visse ting som glipp dersom det ikkje vert spurt etter (seksuell trakassering, nye ukjende helseeffektar
ved andre eksponering, osv.)

Iallfall vert det arbeidt vidare med dette, og med Arbeidstilsynet sine retningsliner for målretta helseundersøkingar kan det hjelpa til med å frigjera ressursar til meir førebyggjande arbeid. Men det var også noko uro for at dette kunne påverka
økonomien til BHTer med bedrifter som ikkje ville ha pålegg om bedriftshelseteneste.

Eit godt gjennomført årsmøte for NFAM/NAMF med val av nye styremedlem gjev god kontinuitet for framtidige utfordringar. NFAM-leiar Kjersti Skantze gav seg etter mangeårig innsats og inn som ny leiar kom Jarand Hindenes. I NAMF kom Anne-Margrethe Lende inn som nytt fast medlem.

Det nærma seg festmiddagen, og under aperitiffen hadde artikkelforfattaren inspirert av føredraget
dagen før litt bakgrunnsmusikk av litt meir kvardagskvalitet på kontrafagott. Og dermed er utfordringa til neste år at andre tør hiva seg frampå.

Festtalar for over 50 deltakarar var tidlegare generalsekretær i DNLF, Geir Riise, og talen hans er publisert i nr. 2/23. «Arbeidsmedisinske familie» passa godt inn i slik eg opplevde Vårkonferansen med attersyn med gamle kjende, nye kollegaer og tilvekst av nye medlem.

Det var også herleg framført sjølvironi frå ein av våre nestorar, Erik Dahl-Hansen, i takk-for-maten-
talen som også var ei påminning om at me må vera nøye i søkjeorda våre – Solstrand – versus –
Solastrand Hotell.

Neste dag tok Geir Riise igjen ordet som styreleiar i Kompetansesenter for Miljø og Helse (KHM). Dette er oppretta regionalt med utspring frå Arbeidsmedisinsk avdeling Sykehuset Telemark i Skien, men siktemålet er å få eit nasjonalt senter som dei har i Sverige.

I samband med «Det grøne skiftet» er arbeidsmedisinarane dei einaste med medisinsk bakgrunn
som kan vera ressursar til dei lokale kommunane som skal handtera dei endringane som vil skje,
jfr. FNs berekraftsmål 3 om helse- og livskvalitet. Ein kan også sjå på dette som eit utviding av
fagområdet vårt og grunnlag for meir ressursar. (Merknad frå artikkelforfattar: I spesialitetsutdanninga inngår allereie miljømedisin -ARB104-117 – som tilleggsaktivitet.)

Kristin Hovland, styremedlem DNLF, hadde så eit aktivt føredrag (Twist-premiering av riktige svar)
om BHT si rolle ved varsling. Ved varsling kom BHT lenger ned på lista, men det var spørsmål
om kva som eigenleg stod på: Usemje, konflikt, kritikkverdige forhold, varsling, type undersøkingar.
Lovbrot/ikkje lovbrot, trakassering, manglar, klage (eige arbeidsmiljø), rus og bakrus på personaltilstellingar og på arbeid elles. Uansett var det viktig at ein snakka om saker på førehand for
å sikra rett handtering.

Oljekommisjonen si innstilling til Stortinget om kompensasjon for oljepionerane vart så presentert
av Geir Riise. 4 diagnosar var her aktuelle: Lymfekreft, beinmargskreft, lungekreft og mesoteliom
og ville gjelda frå starten i -66 til -85/-90/-95.

Til avrunding fekk Ole Jacob Møllerløkken, overlege ved yrkesmedisinsk avdeling Haukeland
universitetssjukehus/amanuensis ved Universitetet i Bergen, ta opp samarbeidet mellom dei regionale yrkesmedisinske avdelingane og BHTene. Det vert ein formalisering av rettleiaransvar og fordeling av læringsaktivitetar. Men der er ein flaskehals med 9 gjennomstrøymingsstillingar
årleg i tillegg til 8 faste LIS-stillingar. Fleksible stillingar er innførte: 50 %, periodearbeid, og pandemien har gjeve høve til nye arbeidsmåtar som tlf.konsultasjonar. Likevel kan det vera ei utfordring når ein tek LIS-året på yrkesmedisinsk avdeling at det kan skje nedlegging/outsourcing (utkontraktering). Derfor må leiinga inn på banen når det gjeld vidareutdanninga.

Til sist må nemnast at vår kjære Inger Marie Daffinrud, sekretariatsleiar, takkar av og går av med pensjon. Takk for god handtering av oss!