Det er mange som ferdast i fjell og ulendt terreng, enten som tilreisande turistar eller
aktive friluftsfolk. For legar kan dette innebere å måtte handtere akutte medisinske
situasjonar langt frå ordinære arbeidsforhold, ofte utan tilgang på nødvendig utstyr
eller rask kontakt med hjelpeapparatet. Kva gjer ein når ein turkamerat skadar seg
alvorleg der det ikkje er telefondekning? Og når du ikkje er på jobb med akuttsekken
tilgjengeleg, kva bør du eigentleg ha med deg av førstehjelpsutstyr på tur?
Fjellmedisinkurset er for deg som ønsker å lære meir om handtering av akutte
skader og sjukdom som oppstår i naturen og utanfor allfarveg.
Kurset «Fjellmedisin» vert halde 21.–23. april 2027 i Rosendal i
Hardanger. Vi har fått med oss anestesilege Øyvind Thomassen, som er leiar for
Fjellmedisinsk faggruppe på UiB, og Erling Rosenstrøm, som er allmennlege og
ekspedisjonslege og driv turlegen.no. Saman har vi laga eit spennande kurs med
svært relevant innhald for alle legar som arbeider i distriktet, med prehospital
medisin eller som har interesse for akuttmedisin der ein har få ressursar tilgjengeleg.
Målgruppa for kurset er allmennlegar i distriktet, legevaktslegar og andre legar som
arbeider med prehospital medisin, samt legar som har interesse for friluftsliv og
akuttmedisin. Det er plass til 42 deltakarar, og programmet består av førelesingar,
workshopar, praktisk trening og ei større øving siste dagen. Vi lærer om tema som:
- Pasienthandtering med primær- og sekundærundersøking
- Prioritering, stabilisering og evakuering/transport
- Den akuttmedisinske kjeda – kven kan hjelpe
- Kuttskadar og sårbehandling
- Brannskadar
- Luksasjonar og brotbehandling
- Hovud-, nakke- og ryggskadar
- Snøskred, skredtatte og tryggleik
- Hypotermi og forfrysingar
- Ekspedisjonsmedisin, høgdefysiologi og høgdesjuke
- Medisinsk utstyr til turar – kva er lurt å ha i førstehjelpspakken
Kurset er godkjent som klinisk emnekurs i emnet akutt- og mottaksmedisin for
spesialiteten allmennmedisin. Det er søkt godkjenning som valfritt kurs for spesialitetane anestesiologi og ortopedisk kirurgi.
Læringsmål som vert oppnådde i kurset: Felles kompetansemålFKM 002, 004, 013
Allmennmedisin:
ALM-019, 022, 023, 029, 030, 031, 035, 036, 037, 038, 039, 040, 041, 042, 043,
044, 045, 048, 050, 051, 052, 054, 055, 056, 057, 058, 059, 060, 061, 062, 063, 064,
065, 066, 067, 068, 069, 070, 075 og 084
Praktisk informasjon
Tid og stad: 21.–23. april 2026 i Riddersalen i Baroniet, Rosendal
Kurskomité: Marita Fløtre, Solfrid Hellesøy Siqveland, Øyvind Thomassen, Erling Rosenstrøm
Måltid: Dagpakke Baroniet med kveldsmat/suppe onsdag kveld, kaffi/kaffimat torsdag, lunsj
torsdag og fredag. Middag på Rosendal Fjordhotell torsdag kveld
Overnatting: Kursdeltakarar må sjølve bestille overnatting.
Baroniet: https://www.baroniet.no/overnatting, info@baroniet.no
Rosendal Turisthotell: https://www.rosendalturisthotell.no/
Gjøa motell: www.rosendalhyttetun.no
Rosendal apartments: www.rosendalhyttetun.no
Rosendal Fjordhotel: https://rosendal-fjordhotel.no/
Reise: Hurtigbåt frå Flesland/Bergen legg til ved kaien i Rosendal ca. kl. 18.25.
Avreise fredag tilbake til Flesland/Bergen frå Rosendal kl. 14.25.
Informasjon om hurtigbåten Hardangerfjordekspressen og pris finst på
www.rodne.no.
Pris: Kursdeltaking 6.000,- kr, og dagpakke (pris på dagpakke kjem)
Utstyr: Vi skal vere mykje ute. Ta med klede som toler all slags vêr.
Fjelltur: Onsdag kl 11.00 arrangerer vi felles fjelltur til Malmangernuten (890 moh), ca 4 timer t/r. Vi setter opp alternativ rute om veret er dårlig. Husk å melde deg på i påmeldingsskjemaet om du ønsker å vere med!
Du kan då komme med hurtigbåten frå Bergen 08.50/Flesland 09.15 med ankomst 10.45 i Rosendal. Vi kan hjelpe med oppbevaring av bagasje og transport til turstart for dei dette gjelder.
Maks deltakarar: 42 stk
Påmelding etter "førstemann til mølla" prinsippet.
Dersom kurset blir fulltegna, vil vi opprette venteliste og du vil få beskjed om det.


