Kurskomiteen

Kontaktinfo:

Kurskomiteen for 2025-2027

  • Solfrid Hellesøy Siqveland - Eg vart uteksaminert frå Royal College of Surgeons in Ireland i 2002. Eg er spesialist i allmennmedisin, fullførte Praksisrettleiarutdanning i allmennmedisin UiB våren 2025, har medisinstudent i praksis to gonger i året,  er rettleiar for tre flotte ALIS, legevaktslege og fastlege. Eg brenn for at vi skal ha  fleire arena der vi  legar møtes på tvers av spesialitetar, gjerne på kurs og andre læringsarena. Vi må ta godt vare på  rollen som lege ved å lage betre og betre arena for rettleiing, praksisbesøk, "2-min debrief" ila dagen, kurs som bygger oss opp som legar, og at vi skal ta vare på eiga helse  like så godt som vi prøver ta vare på pasientane si helse. Arbeidsmiljø er ein prosess vi alle er ein del av til ei kvar tid!
    Epost: solfridhs(at)gmail.com

  • Anne Laue - Allmennlege: anne.laue(at)alver.kommune.no

  • Marita Fløtre - Eg jobber som fastlege i Rosendal og er snart spesialist i allmennmedisin. Medisinstudiet tok eg ved Universitetet i Bergen, og turnustida ved sjukehuset i Volda der eg også er født og opvaksen. Eg har ei særleg interesse for livsstilsmedisin og forebyggande helse, og er leiar i faggruppa "Kosthold og fysisk aktivitet som medisin" i Norsk Forening for Allmennmedisin (NFA). Eg er også i gang med sertifisering som idrettslege.
    Ved sidan av å sitte i kurskomiteen i Hordaland legeforening har eg vore AFU-stipendiat og forska ved Universitetet i Bergen, og har også hatt undervisningsoppdrag ved fagområdet for allmennmedisin. Ved å vere med i kurskomiteen ønsker eg å bidra til å lage spennande, aktuelle, kjekke og interessante kurs for alle leger.
    Epost: marita_flotre(at)outlook.com 

  • Stine Alp - stine.alp(at)alver.kommune.no