Rogaland legeforening

Lokalforening

2019

Dei gode eksemplene - Kreftkoordinator

I søken etter samhandling er det jo faktisk ting som fungerer idag.
29. mai 2019

Av Marit Halonen Christiansen, Nestleder RLF og Overlege Kvinneklinikken Helse Stavanger.

Som pasient er det nokre ting ein frykter å høyre; «du har kreft», eller «vi trur det kan være kreft» er høgt på lista.

Som lege er det ein av dei tyngste beskjedane å gje. Ein ting har imidlertid blitt betre; kreftkoordinatorane.

Ein typiske situasjon er at ein sit på poliklinikken og veit at ein har nattevakt dagen etter. Så er det fri før helgevakt, så ein er i grunnen ikkje tilgjengeleg på telefon før neste veke. No kan eg sei, «vi trur det kan være kreft. Det betyr at vi starter det som kallast pakkeforløp. Det er for at utgreiinga skal være koordinert. Og så kjem du til å bli kontakta av ei dame som heiter Ellen/Nina/Ellen/Siv, og ho er kreftkoordinator. Her er kortet hennar. Eg er vanskeleg å få tak i, men ho tar telefonen. Og ho kan svare på mykje, og kan ho ikkje svare finn ho nokon som kan»

Pasientane får ein utredningsplan med tidsperspektiv, som kan hjelpe i ein uventa og vanskeleg situasjon. Og ikkje minst får dei ein person å forholde seg til.

Liste over kreftkoordinatorer ligg på SUS sine heimesider.