Fram og tilbake er like langt

Fastlegen som ble kommuneoverlege - og så fastlege igjen

Av Peter Christersson 

Tord Haaland, 50 år, kommer fra Dale i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Han tok medisinutdanningen ved Universitet i Bergen, hvor han gikk ut i 1996. Han jobbet som fastlege i Klepp og Time på Jæren 2000 - 2016, den siste perioden var han også kommuneoverlege i Tord HaalandTime. I perioden 2016-2019 har han vært kommuneoverlege/helsesjef i Stavanger kommune, men går nå tilbake til jobb som fastlege - denne gangen i Hillevåg i Stavanger. Syd-Vesten er litt interessert i å høre hva som er grunnen til at skomakeren går tilbake til sin gamle lest igjen.

Du har jo tidligere flere års efaring som fastlege i Time kommune. Så ble du helsesjef i Stavanger. Nå blir du fastlege igjen, denne gang i Hillevåg. Det er litt av en reise. Fortell litt om den prosessen du har vært gjennom de siste årene?

Dei siste 3 åra som fastlege i Time kombinerte eg med kommuneoverlege-stilling. Det ga ein samfunnsmedisinsk meirsmak, og eg tenkte at eg på eitt eller anna tidspunkt måtte velgje å fortsette som kun fastlege eller melde full overgang til samfunnsmedisinen. Då helsesjef-stillinga i Stavanger vart lyst ut, vart det for fristande. Men det var eit vanskeleg val. Miljøet på Bryne legesenter er eineståande. Eg var sjølvsagt spent på kor mykje eg kom til å sakne klinisk arbeid då eg starta som helsesjef, og ga meg sjølv 2 år til å gjere opp status. Fasiten på denne sjølv-evalueringa er no klar.

 

Hva er det beste, og verste, med å være helsesjef i en stor kommune som Stavanger?

Det er veldig mange positive sider ved å vere helsesjef i Stavanger. Eg har dratt veksler på å vite ein del om kommunale prosessar. Eg har også ein høgkompetent samfunnsmedisinsk stab som eg kjem til å sakne.

Det å vere helsesjef i storkommunen Stavanger gjer at du er i posisjon i mange samanhengar, i interkommunale samarbeid og ikkje minst i samhandling med helseføretak. Det er veldig tilfredsstillande.

Det er på mange måtar ein eksponert stilling. Dine vurderingar er av interesse, også for media. Det har eg ikkje blitt stressa av, eg har hatt eit godt samarbeid med media, men det bør ein vite når trer inn i denne typen jobb.

For meg har den største utfordringa med helsesjef-jobben vore at eg har måtte gje avkall på allmennmedisinsk arbeid. Det offeret vart rett og slett for stort, og det har eg teke konsekvensen av.

 

Du har også erfaring som kommuneoverlege i Time, da i kombinasjon med jobb som fastlege. På hvilke måter er jobben i Time annerledes fra den du hadde i Stavanger?

Å vere kommuneoverlege i ein liten eller mellomstor kommune er på mange måtar ein einsam jobb. Du er ofte den einaste i samfunnsmedisinsk stilling i kommunen, ofte kun i ein liten deltidsstilling. Det at eg var "kjent" i kommunen som fastlege i mange år, hjalp meg og ga legitimitet. I ein storkommune som Stavanger har ein mange å spele på. Dei fleste er flinkare enn deg sjølv i sine respektive felt, og oppgåva vert ofte å koordinere hensiktsmessig og bruke ressursane på ein god måte.

 

Hvordan opplever du at du klarte å balansere hensynet til legene i kommunen ift hensynet til arbeidsgiver, da du var helsesjef i Stavanger?

Min periode som helsesjef har vore samanfallande med eit auka fokus på fastlegeordninga nasjonalt. I tillegg har kompetansekrava for alle kommunale legar kome til, Det har medført at kommune og kommunen sine legar i mange saker har hatt ei felles forståing av utfordringar som t.d. rekruttering. Eg synest det har gått rimeleg bra så langt. Så har både legane og kommunen sakna dei store og viktige nasjonale grepa som må til for å løyse desse utfordringane.

 

Hva er det beste, og verste, med å være fastlege?

For meg er kontinuitet og pasientnært arbeid det viktigaste. Eg set også pris på den korte vegen frå beslutting til handling som ligg i det å drive eiga verksemd som næringsdrivande fastlege.

Det verste eg kjem på no, er at ein blir så fort "rusten" etter nokre år vekke frå manesjen. Det stresser meg bittelitt for tida. Rekner med at det går fort over.

 

Du er godt kjent med rekrutteringsutfordringene til fastlegestillinger i hele Norge, og den pågående fastlegekrisen. Likevel velger du å gå tilbake til fastlegejobben. Hvorfor? Hvordan tror du fastlegeordningen vil utvikle seg de neste årene? Hvem skal redde FLO - Helse- og omsorgsministeren, Legeforeningen eller legene sjøl?

Eg kjenner fastlegeordninga godt og har tru på at fastlegeordninga har ei lys framtid. Men det må litt revitalisering til. Ein halvgammal mann som meg har ikkje den same frykten for å starte opp med næringsdrift som fastlege som yngre kolleger har. Eg har alltid jobba meir enn vanleg arbeidsveke. Men eg forstår godt dei yngre kollegene og deira ønske om meir avgrensa arbeidsbelastning. Difor må vi ha driftsformer som ivaretek rekruttering. Den største trusselen mot fastlegeordninga er dersom dei unge ikkje lenger vil arbeide i dette fantastiske feltet av medisinen.

Vi erfarne bør vere medvitne og ikkje snakke ned fastlege-yrket. Det får ringverknader når dei nyutdanna høyrer mykje negativt. Vi må smitte dei unge lovande med vår entusiasme for faget. Det trur eg på.

 

Du, og en kollega, overtar sammen et veletablert legesenter i Hillevåg, men må nesten starte fra scratch med nytt personal etc. Kan du fortelle litt om prosessen rundt dette?

Vi er heldige som overtek ein veldriven og ryddig praksis frå Einar Hegelstad og Inge Haslerud. Så er det jo mange små og store praktiske ting som må ordnast uansett. Ein må lage sine eigne rutinar. Muligheiten til å skape sin eigen praksis gjorde at eg søkte på akkurat dette legesenteret. Vi har også vore heldige som har rekruttert erfarne legesekretærar. Dei er vår viktigaste ressurs og vil lette oppstarten betydeleg. Vi vil etter planen utvide med ein tredje fastlege litt fram i tid.

No tre veker før oppstart er det fortsatt nokre lause tråder, men det ordner seg forhåpentlegvis greitt. No har eg små glimt av kjensle av kontroll.

 

Du kommer for Sogn og Fjordane, og har jobbet flere år i Time. Er det Viking, Sogndal, Brann eller Bryne FK som gjelder?

For ein kar frå ytre Sunnfjord er det Bergen som er byen og laget er Brann. Etter Liverpool, sjølvsagt.