Hjelp! Vi skal spesialisere

Det er travelt i kommunen for tida. I Stavanger kommune arbeider vi på spreng for å søke om å bli registrert utdanningsinstitusjon. Det som såg ut som ein formidabel jobb, er heldigvis lettare enn vi trudde. Men søknad er ein ting – å sikre god kvalitet er noko anna.

Av Tord A. Haaland, LSA representant og Helsesjef Stavanger kommune

Norske kommunar går denne våren inn i ein ny æra. Vi skal begynne å spesialisere legar.

Dette koster ressursar og pengar. Spesialisering i allmennmedisin har stort sett vore noko fastlegane sjølv har putla med, til sjølvkost. Andre kommunale legar, på sjukeheimar og legevakter, har vore i eit vakuum utan spesialiseringsløp, ofte med høg turnover som resultat. 

Det starta på sett og vis med kompetanseforskrifta i mars 2017. Frå då av må alle legar i kommunen i fast stilling vere spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering. Det er nokre unnatak, men dette vart hovudbodskapen. Sidan vart det læringsmål og til sist vart ASA-spesialitetane (allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin) innlemma i den reviderte spesialistforskrifta.

Kva betyr dette? Etter ny ordning kan alle kommunale legar registrere seg som spesialistkandidat. Dette legg føringar for kommunane, som saman med kandidaten må lage eit individuelt spesialiseringsløp. Har vi dette klart? Svaret er nei. I tillegg skal kommunen ha ein overordna utdanningsplan? Nei, vi har ikkje den på stell heilt enno. Trøysta er at dei andre storbykommunane heller ikkje har det, takk og lov. Det dukker nemleg opp flaskehalser både her og der.

 

Flaskehals nr.1: 2 års uselektert allmennpraksis. Knappheitsgode sjølv i vår store kommune. Vi har våre 2-årige introduksjonslege-stillingar, men ikkje tilstrekkeleg mange av desse til å ta unna behovet. Vi søker (på ny) dispensasjon frå Hdir for å få desse stillingane godkjend for samtidig Helfo-taksting med den/dei kandidaten er vikar for. Vi må også opprette nye intro-stillingar.

Flaskehals nr.2.: Individuell rettleiing. Dette må utførast av spesialist i allmennmedisin. Kvar finn ein dei? Jo, i eit frå før av nokså arbeidstynga fastlegekorps. Det ligg an til 3-4 timar rettleiing per månad over 10,5 månader per år.  Vi har sondert interessa for å vere rettleiar i Stavanger kommune – gledeleg mange ønsker å påta seg oppgåva. Enno er det ikkje klart om rettleiarane må ha kursing i – nettopp rettleiing. Mykje er uavklart i Helsedirektoratet også. 

Flaskehals nr.3.: Institusjonsteneste. «Sjukehusåret» har blitt halvert, og her skal kun 2 læringsmål oppfyllast. Ein kan til og med dele opp sjukehus-«halvåret» i 2 x 3 mndr. Men kva sjukehus ønsker ein allmennlege i 2 x 3mndr? Ein vil vere ubrukeleg i drift og vaktarbeid.

Dette har vi, saman med dei andre kommunane i regionen, begynt å snakke med Helse Stavanger om. M.a. på eit samarbeidsmøte på Sandnes Rådhus 27. mars. Der samlast vi, kommuneoverlegar, helsesjefar, kommunalsjefar, KS og fagdirektør.
Hans Petter Torvik, Marianne Sund og Håvard Ims, også Klepp

Møtet på Sandnes vart leia trygt og stødig av kommuneoverlege Hans Petter Torvik (til venstre). Til stades også kommunalsjef Marianne Sund i Klepp (midten) og kommuneoverlege Håvard Ims, også Klepp (t.h.)

Fortsatt er det mykje uklart, også korleis ein skal tolke krava i forskrift, og det kjem rett som det er tvetydige signal frå Helsedirektoratet som vi må prøve å tolke i beste meining (til vår fordel).

Møtet på Sandnes vart leia trygt og stødig av kommuneoverlege Hans Petter Torvik (til venstre). Til stades også kommunalsjef Marianne Sund i Klepp (midten) og kommuneoverlege Håvard Ims, også Klepp (t.h.)

Men det peiker seg ut nokre moment. M.a. så ønsker både kommunar og helseføretak at sjukehus-halvåret må vere nettopp eit halvår i strekk og ikkje oppdelt i to.

Vi i kommunane ønsker vidare at dette halvåret kjem så seint som muleg i spesialiseringa. Då har kandidaten vore så lenge i kommunen sin, at risikoen for at helseføretaket omfavnar kandidaten vår så hjarteleg at hen ikkje vil heim att, vert mindre.

Kvar og ein kommune kan ikkje koordinere dette med helseføretaket – dette må kommunane i heile opptaksområdet samarbeide om. Det må vere øyremerka utdanningsstillingar for ASA-legar på sjukehuset, og det må riggast lokale utdanningskontor der kommunane og helseføretaket samhandlar. Opptakten gir grunn for optimisme.

I Stavanger har vi undersøkt om vi sjølv kan gje LIS-3 institusjonsteneste i kommunen, då på sjukeheimane. Det ser ut til at vi så vidt ikkje klarer dette. Vi har m.a. ikkje nok spesialistkompetanse samla på ein institusjon. I Bergen klarer dei det, og kan såleis gje komplett spesialiseringsløp for LIS-3 i eigen kommune. I Oslo har dei retta spørsmål til direktoratet om spesialist i allmennmedisin kan reknast som nødvendig spesialist i sjukeheimane, og såleis sikre «kommunal sideutdanning». Dette fordi det står utydeleg i forskrift. 

Så eit kommunalt hjartesukk: Det hadde vore svært mykje enklare å organisere alt dette om det hadde vore ein gjennomgåande bodskap i alle desse forskriftene som vi må forholde oss til: Akuttforskrifta, spesialistforskrifta, kompetanseforskrifta og Helfo-reglementet. No er det så mange motsetnader og sjølvmotseiingar mellom desse. Helsedirektoratet må roe ned tempoet!