Samhandling som fungerer - Tverrfaglig bekkenbunnspoliklinikk

Samhandling kan være så mangt, ikkje berre mellom primær- og spesialisthelseteneste.

Av Marit Halonen Christiansen, Nestleder RLF og Overlege Kvinneklinikken Helse Stavanger

På Stavanger Universitetssjukehus (SUS) har vi starta ein tverrfagleg bekkenbunnspoliklinikk.

Poliklinikken er ein forlenging av bekkenbunnsmøtet; eit timelangt møte annakvar veke.

Der møtast gastrokirurgar, radiologi, fysioterapeut, stomisjukepleier, gynekologar og koordinerende sjukepleier. Teamet diskuterer pasientar som treng tverrfagleg tilnærming.

Nokre av desse får så fellestime med gynekolog og gastrokirurg.

Det settast av ein time til konsultasjonen. I etterkant av anamnesen undersøkast kvinna med rektoskopi og transperineal ultralyd, i tillegg til klinisk undersøking.

Poliklinikken har to timar annakvar veke. Den er primært tiltenkt kvinner med samansette problemstillinger, til dømes dei som har vanskar med defekasjon utan tydeleg rektocele. Pasientane henvisast til gynekologisk eller gastrokirurgisk poliklinikk på vanleg måte, og så forsøker vi å fange opp at dei bør sjåast tverrfagleg. Om tilvisande lege tenker det er aktuelt med tverrfagleg vurdering kan ein gjerne legge dette til i tilvisinga.

 Som klinikerar får vi litt større forståing for korleis problemet ser ut, både fordi ein annen spesialist ser det frå sin vinkel, men òg fordi kvinna får meir tid til å forklare, og får inngåande spørsmål.

Tiltaket sparer sjølvsagt mange indirekte konsultasjonar, gule lapper og mindre venting for pasienten, men det beste for pasientane verker å være klare svar.