UIS og medisinutdanning

Forbetring og fornying føreset friske tanker og nye reseptar – også for medisinutdanninga

Grimstad-utvalet har nyleg konkludert med at underskotet på studieplassar i medisin i Noreg ikkje lenger bør aksepterast, at dekninga må opp frå dagens 47 prosent til 80 prosent og at 440 nye studieplassar bør kome på plass i det norske utdanningssystemet i løpet av åtte år.

Medisin til Vestlandet
Mandatet for Grimstad-utvalet tok utgangspunkt i dei fire lærestadane som i dag har profesjonsstudium i medisin (UiO, UiB, NTNU og UiT), men ba samstundes om ei vurdering av samarbeid mellom UiB, UiS og Stavanger universitetssjukehus (SUS) som utgangspunkt for eit tilbod til norske medisinstudentar i utlandet i dei siste tre åra av studiet.

Medan Grimstadutvalet var i arbeid var det berre UiS av dei nye universiteta som kommuniserte ambisjonar om å utvikle studietilbod i medisin. Ved UiS har me arbeidd med ambisjonar om medisinutdanning i meir enn ti år. Etter at rapporten frå Grimstadutvalet blei publisert har fleire av dei nye universiteta meldt seg på.

Alle blir betre av konkurranse
Alle dei fire universiteta som i dag utdannar legar slår naturleg nok ring om den eksklusive gradsretten, og åtvarer mot at nye universitet får høve til å utvikle eigne studieprogram i medisin. Dei viktigste argumenta er at dei medisinske fagmiljøa ikkje bør fragmenterast, og at pasientgrunnlaget i dei relevante regionane gir rom for tilstrekkeleg relevante praksisplassar.

Etableringshindringar er som kjent ein stor fordel for dei som allereie er etablerte, men ikkje utan vidare for dei som ønskjer å etablere seg, og heller ikkje alltid for nasjonen. Nye aktørar kan skjerpe konkurransen, heve innovasjonstakten og inspirere til nytenking hos alle institusjonane som utdannar legar.

Til Grimstadutvalet har UiS spelt inn ein modell for studieprogram i medisin som svarar på mandatet. Vårt universitet tek sikte på å køyre ein pilot ved å ta opp legestudentar etter tre års fullførte studium i medisin i utlandet, for deretter å la dei fullføre studiet ved Universitetet i Stavanger – i tett samarbeid med Stavanger universitetssjukehus, og gjerne og med Universitetet i Bergen.

Fokus på teknologi og samspel
I tett samarbeid med Stavanger Universitetssjukehus og næringslivet i regionen har forskinga ved Universitetet i Stavanger teke viktige skritt i retning helseteknologi. I tillegg bygg utforminga av studieprogrammet på nære alliansar med kommunane og primærhelsetenesta, for å møte det store behovet for fleire fastlegar i Kommune-Noreg.

Om Universitetet i Stavanger skal bruke store ressursar på å utvikle eit nytt studietilbod i medisin så bør ein og få høve til å tildele graden cand. med. til studentar som fullfører studiet sitt hos oss. Med dette som utgangspunkt er målet for Universitetet i Stavanger over tid å utvikle eit fullt seksårig integrert studieprogram i medisin.

Det beste for Helse-Noreg
Grimstad-utvalet er delt på midten i fleire sentrale tilrådingar, og etterlet dermed opningar for politikarane til å vurdere alternativet frå Universitetet i Stavanger med største alvor. Ved Universitetet i Stavanger står det korkje på evna eller viljen. Me vil sette studentane i sentrum, me er sterke på samspel og samarbeid og me legg stort trykk på teknologi og innovasjon i utviklinga av studieprogrammet. Me spelar på lag med eit framifrå universitetssjukehus, der kapasiteten står klar og der gode krefter trekk i vår retning.

Med Grimstad-utvalet sin rapport har politikarane eit faktagrunnlag og ekspertvurderingar som dannar eit godt utgangspunkt for politiske overlegningar og avgjerder.  Vårt håp er no at politikarane møtar situasjonen med eit ope sinn. Vår klare meining er at utvikling av eit medisinstudium ved Universitetet i Stavanger er til det beste for pasientane, for legane i Rogaland og ikkje minst for legestudentane. Vår overtyding er at dette vil gje ei løysing til å leve lenge med, til beste for heile Helse-Noreg.