Rogaland legeforening

Lokalforening

2019

Videokonsultasjon - et mogleg verktøy for betre samhandling?

Det begynner å blir meir vanleg å kunne møte ein lege over video i Noreg. Fram til no har telemedisin over video gjerne vore prøveprosjekt leia av enkelte grupper i spesialisthelsetenesta for å nå spesifikke pasientgrupper, som til dømes KOLS-kofferten og helse@hjemme under Helse Stavanger (1), rehabilitering over telemedisin i regi av Sunnaas sykehus (2) og DeVaVi - desentralisert vaktsamarbeid ved bruk av videokonferanse - under psykiatrisk helse ved UNN, avd. sør (3).
29. mai 2019

Av Bjarte Sørensen, varamedlem RLF og fastlege i Hjelmeland.

Fleire prosjekt har lidd av pilotsjukdom og blitt lagt ned eller lever vidare utan å få geografisk eller fagleg utspreiing. Kan hende er ein av grunnane at dei fleste prosjekta fram til no vore avhengig av spesifikk lokalkompetanse og engasjement, spesifikk hardware (gjerne datamaskinar med web-kamera og ekstern mikrofon) og spesifikk software. I tillegg skal ein sikre at den infløkte sikkerhetsnormen er oppfylt. Ein rapport av helse- og e-helsedirektoratet meiner at den ujevne utbreiing også tyder på manglande nasjonale føringar og rettleiarar (4). 

For bare 10-15 år sidan, då fleire av desse prosjekta var i oppstartsfasen, var det kanskje vanskeleg å forestilla seg at i 2019 skulle “alle” i samfunnet gå rundt med super-datamaskiner med høgoppløyseleg video alltid kopla til trådlaust breidband i lommane; men det gjer me i dag og det finst løysingar som er så og seie uavhengige av hardware- og softwareplattform og krever veldig lite IT-kompetanse for å bruke. Ein ser no at ikkje berre privatmarknaden (t.d. KRY, legelisten og eyr) nyttar slike løysingar, men at også fastlegane begynner å ta dei i bruk. Eg har snakka med to fastlegar som har gjort seg erfaringar med bruk av videokonsultasjonar i kvardagen og korleis dette har ført til endring i samhandlinga.

Alex Lupton
Axel Lupton er fastlege ved Kirkenes legesenter. Her er nærmaste sjukehus for fleire spesialitetar UNN i Tromsø, meir enn 400 kilometer i luftlinje, ev 10-12 timar i bil gjennom Finland. Han fortel om då ein terminal kreftpasient skulle til oppfølging ved UNN. Lupton avtalte med kreftlegen og ein tolk at dei skulle sitje klar i Tromsø til avtalt tid, så skulle han kople seg opp saman med pasienten.

 

Pasienten møtte ikkje på kontoret, men eg visste kor han budde, så eg reiste heim til han, og me kopla oss opp. Konsultasjonen fungerte bra, sjølv med tolk, og pasienten var veldig nøgd, seier Lupton.

For Lupton gav det ein ekstra nyttegevinst i at han sjølv fekk vera med på konsultasjonen med spesialisten og kunne skyte inn med relevant informasjon som han sat med. - Vanligvis er det slik at pasienten går til kreftlegen, så bestiller dei time til fastlegen for å diskutere det kreftlegen har sagt. Dette er bra for pasienten, eg får informasjon direkte frå kreftlegen og vi kan legge ein plan i lag, seier Lupton. - Det må også vera besparande, UNN bruker årleg mange millionar på pasientreiser frå Finnmark.

Andre felt der han ser for seg at det kunne vera nyttig er der ein samarbeider med psykiatrisk spesialisthelseteneste. Allereie i dag bruker Lupton det sjølv i oppfølging av sine eigne pasientar med psykiske lidelsar, anten dei ikkje er i nærleiken av legekontoret eller fordi tilstanden i seg sjølv hindrar pasienten å møte på kontoret.

Fastlegen ser for seg ei nær framtid, der pasientane, når dei får innkalling frå sjukehuset på time og når forholda medisinsk ligg til rette for det, kan sjølv velgje om dei vil møte fysisk opp eller om dei vil møte på video. Han nemner psykiatri, dermatologi og onkologi som spesialitetar der det kan vera situasjonar, gjerne oppfølging av påbegynt behandling, der ein i mange situasjonar kan kunne tenke at videokonsultasjon ikkje er eit dårlegare alternativ.

På spørsmål om dette tek tid, og kanskje også til og med fører til tapt arbeidsinntekt for ein næringsdrivande lege, seier Lupton at for han er det viktigaste at pasienten får eit betre tilbod og at hans eige tidsbruk på arbeid går ned. Sidan han byrja å bruke videokonsultasjonar har han redusert arbeidstida betydeleg. Der han før gjerne hadde 10-15 telefonar dagleg og brukte mykje tid i telefonsvararrundansen, har han i stor grad overført ansvaret til pasienten å droppe inn i digitalt venterom i eit fast tidsrom midt på dagen for videokonsultasjonar. Mykje kan ordnast der og då, og treng ikkje vidare oppfølging på kontoret, men gjer det det, så får dei sjølvsagt komme til time.

Videokonsultasjon gjer ein heilt annan tilstedeværelse kontra bruk av vanleg telefon, konkluderer han.

 Lars Røssel Ødegaard
I dei nybygde lokala til Åros legesenter i Røyken kommune i Buskerud sat fastlege Lars Røssel Ødegaard i fjor haust og tenkte på korleis han kunne betre samhandlinga med dei heimebaserte kommunale tenestene i kommunen. Han tykte at den asynkrone elektroniske meldingsutvekslinga av og til genererte meirarbeid, og det hadde vore enklare å utføre dersom ein hadde dialogen der og då.

 

Han tok då initiativ til å forsøke videokonferanse med heimesjukepleien ved hjelp av programvare han allereie nytta for videokonsultasjonar med sine eigne pasientar. Han fekk gehør for dette i kommunen. Ein søkte og fekk innvilga midler frå Fylkesmannen i Buskerud og ein har satt ned ei styringsgruppe og prosjektgruppe. 

Tanken er å ha samtaler mellom fastlege og heimesjukepleien som er heime hjå pasienten, gjerne på kritiske tidspunkt som etter utskriving frå sjukehus og der det er mange endringar. Ødegaard sine erfaringar så langt er gode og han nemner eit eksempel der han i ein slik videokonferanse fekk avklart behov for smertelindring etter utskriving, lagt nedtrappingsplan på opioider og avklart spørsmål frå både pasient heimesjukepleien der og då. Under sjølve konsultasjonen arbeider han i journalsystemet der han skriv ned planen, lagar e-reseptar og avslutter samtalen med å sende ei PLO-melding til heimesjukepleien med skriftleg plan og oppdatert medisinliste. Dette var noko som før kunne ta fleire dagar med meldingar att og fram tidlegare, med større fare for feil og utan å involvere pasienten på same måte. 

Eg er vant til å sjå folk medan eg prater og trivest med den situasjonen, ein får med ein større del av kommunikasjonen, seier Ødegaard. - Frå pasienten sitt perspektiv må det føles trygt og godt å sjå ansiktet til fastlegen og kjenna at ein er delaktig. Likevel, dette er ein effekt ein gjerne må tru på og erfare, det er vanskeleg å måle.

Å innføre endringar kan ofte møte noko motstand. Så langt er erfaringa at sjølv om Ødegaard møter interesse på leiarnivå, kan det verka som ein del av sjukepleiarane kunne foretrekke å fortsette som før med å kvittere ut sin arbeidsdag med meldingar til fastlegen, men han trur at dette vil endra seg.

1.Helse@Hjemme [Internett]. Helse Stavanger. [sitert 21. april 2019]. Tilgjengeleg på: https://helse-stavanger.no/avdelinger/hode-og-halsklinikken/avdeling-for-rehabilitering/avdeling-for-fysikalsk-medisin-og-rehabilitering/seksjon-rehabilitering-eigersund/helsehjemme

2. Videokonferanse i rehabilitering [Internett]. Sunnaas sykehus. [sitert 21. april 2019]. Tilgjengeleg på:

https://www.sunnaas.no/fag-og-forskning/kompetanse/digital-lering/webinar/videokonferanse-i-rehabilitering

3.Universitetssykehuset i Nord-Norge. DeVaVi [Internett]. Desentralisert samarbeid ved bruk av videokonferanse. [sitert 21. april 2019]. Tilgjengeleg på:

http://kurs.helsekompetanse.no/devavi/heia

4.Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse. E-konsultasjon hos fastlege og legevakt - Rapport til Helse- og omsorgsdepartementet 30.11.2018 [Internett]. 2018 nov. Tilgjengeleg på:

https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/1495/Rapport%20e-konsultasjon%20-%20Helsedir-%20E-helse.pdf

"