Ny bioteknologilov

Det starta med at Kristeleg Folkeparti gjekk inn i regjeringa på eit historisk høve til å endre abortlova. Eller kanskje det starta då dei flinke folka på Sequinom fann ut at ein kunne isolere fosteret sitt DNA i ei blodprøve frå mor. Eller kanskje starta det endå lenger før, med ei lov som gav kvinner over 38 år rett til fosterdiagnostikk i form av amniocentese.
Ragnar Sande, foto privat
Ragnar Sande, foto privat

Eg har høyrt at i starten stakk ein blindt, utan ultralydrettleiing. Med litt erfaring og mykje flaks kunne ein ganske ofte ta prøven utan å treffe fosteret. Det er forståeleg at ei mindre invasiv løysing verka forlokkande.

Sommaren 2020 vedtok Stortinget endringar i bioteknologilova. Mellom anna bad ein regjeringa om å sørge for at fyrste trimester ultralyd med tilleggsundersøkingar som kunne oppdage sjukdom hos fosteret, vart gjort tilgjengeleg gjennom det offentlege helsevesenet. Dei endringane som ikkje krevde vesentlege ressursar vart iverksett ganske raskt, dei endringane som var meir ressurskrevande kunne ein ikkje implementere over natta. Fyrste trimester ultralyd med tilleggsundersøkingar til 50 000 gravide var ikkje mellom dei endringane som ikkje krevde vesentlege ressursar (dobbel negativ der, beklager det, men de tar teikninga).

For å etterkome vedtaket så snart som råd, sette helsedirektoratet ned ei referansegruppe med representantar frå alle fire helseforetak, begge jordmorsamanslutningane, almennlegeforeininga, norsk gynekologisk foreining, fostermedisinsk nettverk, medisinsk genetiske avdelingar og brukarrepresentantar. Denne gruppa skal ta stilling til kva innhaldet i tilbodet skal vere. Dette er ei avveiing mellom å levere høgast muleg kvalitet på tenesta, samtidig som ein ynskjer å implementere dette relativt raskt. Vidare skal gje ei vurdering av kva som kan gjerast i primærhelsetenesta, kva som skal gjerast på lokalsjukehus, og kva som blir oppgåva til dei fostermedisinske sentra. Gruppa skal også seie noko om kva som er eit realistisk tidsperspektiv for innføring av endringa, kva utdanningsbehov som ligg føre, og korleis ein kan møte dette.

Gruppa til helsedirektoratet skal levere innstillinga si 1/11 2020, etter det veit vi meir om kva som blir innhaldet i tilbodet og når det kan gjerast tilgjengeleg for dei gravide. I mellomtida vil det vere mange frustrerte kvinner som ynskjer seg fyrste trimester ultralyd med tilleggsundersøkingar som kan oppdage sjukdom hos fosteret, og som med ein viss rett kan hevde at Stortinget har vedteke at det skal dei få. Enn så lenge har vi dessverre ikkje kapasitet eller høve til å tilby dette, vi må arbeide ut frå eksisterande lovverk fram til den datoen direktoratet bestemmer at dette skal innførast nasjonalt.

 

Ragnar Kvie Sande

Seksjonsoverlege KK SUS

Vitskapleg sekretær Norsk Gynekologisk Foreining