Nytt verktøy til fastlegar i sjølvmordsførebygging

80 prosent av dei som tek sjølvmord har vore hos fastlegen året før dødsfallet – men ikkje satt
ord på sjølvmordstankane sine eller korleis dei eigentleg hadde det. I tillegg viser tal at dei som tek sjølvmord har vore oftare hos fastlegen enn befolkninga generelt. Eit nytt e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering kan gi fastlegar nyttige verktøy i arbeidet med å førebyggje sjølvmord.

Helseinstitusjonar og frivillige hjelpesenter har rapportert om auken pågang i løpet av koronapandemien. Angst- og depresjonssymptom hos vaksne er nærmare tredobla under koronatiltaka, viser ein studie frå Universitetet i Oslo. Folkehelseinstituttet melder at sjølvmordstala kjem tidlegast til hausten, så det er ikkje mogleg per i dag å sjå om talet på sjølvmord har auka under pandemien.

I Noreg døyr om lag 600 menneske av sjølvmord kvart år. I tillegg blir det antatt at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Tala er stabile over tid og det er ingen større regionale forskjellar.

Oppsiktsvekkjande tal

Ein landsomfattande registerstudie viser at berre 38 prosent av dei som tok sjølvmord hadde vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året før dei tok sitt eige liv. Det betyr at heile 62 prosent ikkje hadde vore i kontakt med psykisk helsevern.

-        Mange anstreng seg hardt for å skjule korleis dei har det for omverda, også i møte med legen sin. Det gjer vondt å vite at det er så mange som til ei kvar tid er einsam når livet er på sitt mest krevjande. Sjølvmordstankar kan oppstå i samband med sterke livsbelastingar og kriser, utan at det nødvendigvis er uttrykk for ei psykisk liding. Å oppleve samlivsbrot eller å miste jobben er eksempel på forhold kor nokre kan utvikle sjølvmordstankar, seier psykologspesialist i Helse Fonna, Ingrid Camilla Aasbøe Heggland.

 

Registerstudien viser at dei som tok sjølvmord har vore oftare hos fastlegen enn resten av befolkninga. Meir enn 80 prosent hadde vore hos fastlegen året forut for sjølvmordet. I befolkninga elles var kontaktraten i overkant av 60 prosent. Ser ein nærmare på tala viser det seg at meir enn ein tredjedel hadde vore i kontakt med fastlegen sin månaden før sjølvmordet – men ikkje snakka om sjølvmordstankane sine.

-        Dette viser kor viktig førstelinjetenesta, som fastlegane er ein del av, er i å avdekkje sjølvmordsfare. Vi etterspør sjølvmordstankar når det er naturleg, men i dei tilfella pasientane av ulike grunnar vel å la vere å ta opp problem som psykiske plagar, rusproblem eller livskriser, kan møtet med fastlegen bli i knappaste laget for å avdekkje krevjande livsutfordringar, seier kommuneoverlege i Stavanger, Harald Bjørnestad.

 

e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering for fastlegar og psykologar

Helse Vest har vore i dialog med Regionutvalg Vest (Dnlf) og har stor forståing for fastlegane sin arbeidskvardag. Dei vi har snakka med fortel om ein krevjande kvardag med mange pasientar og lita tid.

For å gi fastlegane nokre nyttige verktøy til korleis dei kan bidra til å førebyggje sjølvmord, tilbyr Helse Vest no eit e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering spesielt utarbeidd for fastlegar og psykologar i primærhelsetenesta.

-        Kurset er utvikla av Nasjonalt senter for selvmordsforsking og -forebygging (NSSF) og skal gjere fastlegane i stand til å gjere gode risikovurderingar av pasientane og dermed vere betre i stand til å førebyggje sjølvmord, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF, Ola Jøsendal.

Kurset er tilgjengeleg via Helse Vest si nettside helse-vest.no/selvmord. Her finst òg anna ressursinformasjon om sjølvmordsførebygging, i tillegg til samtaleguidar til korleis du kan ta samtala om sjølvmordstankar med pasienten det gjeld.

-        Korleis har han det eigentleg? Den nyskilde mannlege pasienten i 50 åra som treng tilvising til kardiologen? Tenkjer han, når det står på som verst, at han ikkje klarer å leve

lenger? Hyppig kontroll eller tryggleik med time i handa hos fastlege, samarbeid med arbeidsgivar under sjukmelding, lavterskeltilbod i psykisk helseteam i kommunen og poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta er eksempel på fleire alternative sjølvmordsførebyggjande tiltak, seier Aasbøe Heggland.

Nasjonal handlingsplan for å førebyggje sjølvmord

I Regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord skal ein nullvisjon bidra til at sjølvmordsførebygging blir prioritet høgare. God behandling av psykiske lidingar, spesielt depresjon, kan førebyggje sjølvmord. Den nye handlingsplanen inneheld tiltak for å gi rask hjelp og sikre gode behandlingsforløp – frå første kontakt i kommunen til behandling i spesialisthelsetenesta.

-        Dette er viktige tiltak. Det er i dag stor frustrasjon blant mange fastlegar fordi dei opplever å stå aleine med pasienten når han eller ho ikkje blir vurdert til å ha rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Mange med begynnande sjølvmordstankar eller lettare psykisk sjukdom skal ikkje ha hjelp i spesialisthelsetenesta, men få støtte i kommunale helsetenester. Eg håpar handlingsplanen vil bidra til å synleggjere kva behandlingstilbod som finst i kommunane, seier Jøsendal.

Det finst også fleire digitale sjølvhjelpsverktøy og psykologbehandling for depresjon og angst via internett (eMeistring), der ventetidene er korte. Ser vi på ventetidene til behandling i psykisk helsevern for vaksne i Helse Vest er dei på i snitt 36 dagar (per september 2020). For barn og unge er ho 30 dagar. Dei som treng akutt hjelp skal få hjelp med ein gang.

Folkeopplysingskampanje for å førebyggje sjølvmord

Å snakke om sjølvmordstankar er som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det vi trur skjuler seg i mørket, blir mindre farleg eller forsvinn. Det er hjelp å få, og det første steget er å tore å seie det vanskelege ordet sjølvmord.

-        For å kaste lys over eit mørklagt tema og få i gang dei livreddande samtalane planlegg Helse Vest ein folkeopplysingskampanje på Vestlandet vinteren 2020. Hovudbodskapet i kampanjen er «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.» Kampanjen skal motivere kvar og ein av oss til å ta den livreddande samtalen med den vi er bekymra for, fortel Jøsendal.

I forkant av opplysingskampanjen vil Helse Vest bidra med kompetansespreiing og informasjon til kommunane på Vestlandet, og gjere dei som jobbar i kommunane betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelege samtalene. På nettstaden helse-vest.no/selvmord har vi samla lenkjer til mange gode nettsider og kompetansehevingsprogram om sjølvmordsførebygging.

Du kan gjere ein forskjell.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.


Camilla Loddervik, Helse Vest