Kjære kollegaer!
Som de sikkert alle hugsar, bestemte Stortinget 26. mai 2020 at alle gravide skulle ha tilbod om tidleg ultralydundersøking i veke 11-14 som del av den allmenne svangerskapsomsorga, og at kvinner som var 35 år eller eldre ved termin skulle ha tilbod om NIPT. NIPT beskriv ei blodprøve frå mor som kan seie noko om risiko for trisomi 21 Downs syndrom, trisomi 18 Edwards syndrom og trisomi 13 Patau syndrom. NIPT har høg sensitivitet og spesifisitet, men når ein tilbyr undersøkinga til ei stor gruppe med låg risiko, vil ein nødvendigvis få problem med falsk positive prøver. Ein anbefaler derfor at positive prøver vert bekrefta med amniocentese. Denne blodprøva skal også bli tilbydd i svangerskap der ein av foreldra er berarar av alvorleg genetisk sjukdom, og dersom ein finn noko på ultralyd som gjev mistanke om kromosomfeil.
Vedtaket i mai 2020 vart gjort av opposisjonen i Stortinget, noko som førte til at mykje av det utgreiingsarbeidet som normalt vert gjort i forkant av slike vedtak, no måtte gjerast i ettertid. Dette har naturleg nok ført til at innføringa av tilbodet har gått seinare enn mange skulle ynskje, men frå september 2021 har SUS hatt tilbod om tidleg ultralydundersøking og NIPT til alle kvinner over 35. Helse Vest har hatt eit godt utgangspunkt for denne endringa, med to fostermedisinske sentra i regionen og driftige vestlendingar ved roret. Helse Sør-Aust ligg noko lengre bak i innføringa av dette tilbodet, vi forventar at ein del gravide frå Agder vil søke seg til SUS for fosterdiagnostikk i tida fram til Helse Sør-Aust har bygd ut sitt tilbod. Retten til fritt sjukehusval gjeld for tidleg ultralyd, men om vi får eit kapasitetsproblem vil vi sjølvsagt prioritere kvinner som høyrer til vårt eige område.
Vi planlegg å starte med tidleg ultralyd til alle gravide og NIPT på indikasjon tidleg i 2022. Vi veit ikkje enno kva som blir nøyaktig oppstartsdato, vi håpar å kome tilbake med denne informasjonen i løpet av relativt kort tid.
Alle lokalsjukehus i Helse Vest kjem etter kvart til å tilby desse undersøkingane. I oppstartsfasen har ein bestemt at dei to regionale fostermedisinske sentra i Stavanger og Bergen skal avlaste lokalsjukehusa, fram til desse har sine eigne tilbod på plass. SUS skal avlaste Haugesund sjukehus, enn så lenge betyr dette at alle gravide som er 35 år eller eldre og har Haugesund som sitt lokalsjukehus, kan henvisast SUS for tidleg ultralyd og NIPT. Haugesund sjukehus siktar mot å ha på plass eit tilbod tidleg i 2022 til kvinner som er 35 år eller eldre ved termin. Dermed vil det i ein periode vere slik at kvinner over 35 vert undersøkt i Haugesund, medan kvinner under 35 kjem til SUS, fram til Haugesund har bygd ut tilbodet sitt og kan tilby desse undersøkingane til alle gravide. Vi har full forståing for at dette kan verke komplisert, særleg for kollegaene i allmennpraksis i nordfylket, ein har valt denne løysinga for å få innført tilbodet utan ytterlegare forsinking.
Tilbodet om tidleg ultralyd og NIPT vil nødvendigvis skape eit informasjonsbehov hos mange gravide, vi tenker at det er bra om denne informasjonen kan porsjonerast ut, slik at kvinnene er best muleg informerte når dei møter til ultralydundersøking. Det er eit mål at henvisande lege informerer om innhaldet i undersøkinga, kva ein kan og ikkje kan finne, og ikkje minst ventetida. Per i dag sender vi NIPT-prøvene til Rikshospitalet, og ein må rekne med å måtte vente to veker på svaret. Helsedirektoratet har laga eit skriv til bruk for fastlegar som skal informere gravide om denne undersøkinga, dette skrivet er tenkt brukt som eit oppslagsverk.
https://www.helsedirektoratet.no/tema/bioteknologi/fosterdiagnostikk/informasjon-om-fosterdiagnostikk-til-helsepersonell-i-svangerskapsomsorgen-i-den-kommunale-helse-og-omsorgstjenesten/tidlig-ultralyd-svangerskapsuke-uke-11-0--13-6-/utdypende-informasjon-til-helsepersonell
Dokumentet er svært langt, og det har kome ynskje frå ein del fastlegar om å kondensere dette ned til eit dokument på 1-2 sider. Det er også planer om å utvikle ytterlegare undervisingsmateriell retta mot primærhelsetenesta, til dømes i form av eit halvdags nettkurs som kan vere godkjent som etterutdanning for fastlegar. Oslo Universitetssjukehus har laga ein god informasjonsvideo retta mot gravide, den er tolv minutt lang, og det er ein stor fordel om den gravide har sett denne før ho møter til ultralyd og evt NIPT.
https://oslo-universitetssykehus.no/behandlinger/fosterdiagnostikk?sted=rikshospitalet
For å oppsummere:
· Gravide over 35 år kan henvisast til SUS for tidleg ultralyd og NIPT.
· SUS kjem til å tilby tidleg ultralyd til alle og NIPT på indikasjon frå tidleg 2022.
· Kvinner som soknar til Haugesund sjukehus kan foreløpig henvisast SUS.
· Vi ber om at henvisande lege informerer om innhaldet i undersøkinga.