Epikriser - krav i lovverket

Epikriser er eit viktig arbeidsverktøy for legar, og ein viktig kommunikasjonskanal mellom ulike aktørar i helsetenesta. Bruken av epikriser er godt innarbeid i mange delar av helsetenestene, men er og regulert i helsepersonellova.
Andres Neset, foto privat

I helsepersonellova § 45 a fyrste ledd står det:

Pasienten bør gis anledning til å opplyse hvem epikrise skal sendes til. Med mindre pasienten motsetter seg det, skal det ved utskrivning fra helseinstitusjon oversendes epikrise til innleggende eller henvisende helsepersonell, til det helsepersonellet som trenger opplysningene for å kunne gi pasienten forsvarlig oppfølging, og til pasientens faste lege. Det skal også sendes epikrise ved poliklinisk behandling eller behandling hos spesialist.

Etter lova er epikrise definert litt vidare enn slik me ofte tenker på det, også polikliniske notat og liknande kjem inn under definisjonen.

Å sende epikrise er altså i mange tilfelle ei plikt. Men opplysingane er sjølvsagt underlagt teieplikt, og lovteksta viser at det er samtykke som gjev unntak frå denne. Må ein då innhente aktivt samtykke før ein sender epikriser? Nei, samtykket er implisitt. I Helsedirektoratet sine kommentarar til føresegna står det «Etter bestemmelsen er det ikke krav om samtykke fra pasienten før epikrisen blir sendt.» Det er altså berre dersom pasienten sjølv ber om at epikrise ikkje blir sendt, at ein ikkje skal gjera dette.

I lovteksta står det og kven som skal få epikrise: innleggande/tilvisande helsepersonell, fastlegen og helsepersonell som treng det for å gje forsvarleg behandling. I mange tilfelle vil alle desse rollene peike til same fagperson: fastlegen. Men dersom pasienten til dømes vart innlagt frå legevakta, skal både legevaktslegen og fastlegen få epikrise. Det er og verdt å merke seg at både mottakar og avsendar av epikrise er omtalt profesjonsnøytralt, og gjeld dermed også andre grupper helsepersonell der det er aktuelt.

Kva med epikriser frå legevakt til fastlegen? Frå lovteksta er det nok ikkje grunnlag for å seie at plikta til å sende epikriser gjeld på legevakt. Men epikriser frå legevakt er omtalt i Helsedirektoratet sin vegleiar for legevakt og legevaktsentral. Der står det: «For å sikre god oppfølging av pasienten bør legevaktslegen sende kopi av legevaktnotat/epikrise til pasientens fastlege så snart som mulig med mindre pasienten motsetter seg dette.»

Oppsummert er det plikt til å sende epikrise til henvisande lege og fastlege, med mindre pasienten aktivt bed om at dette ikkje blir gjort. Epikriser er viktige både for å formidle viktig informasjon for vidare oppfølging, og som grunnlag for læring og fagleg utvikling.