Helsepersonellkommisjonens rapport - kortversjon

Etter at helsepersonellkommisjonens rapport blei lagt fram, har både kommisjonen («HPK») og rapporten blir eit obligatorisk referansepunkt i ein kvar debatt om drift og utvikling av helsevesenet. For den som ikkje har tid til å lesa heile rapporten, kan han oppsummerast slik:

Rapporten heiter «Tid for handling» og har som budskap at helse- og omsorgssektoren ikkje kan voksa, tross aukande behov for tenester.

Fem tiår med vekst
Dei siste 50 åra har andelen tilsette i sektoren blitt tredobla. I hovudsak er det sjukepleiarar og legar det har blitt fleire av. Veksten har skjedd i ein periode med stadig fleire yrkesaktive i både næringsliv og tenesteyting. 

Demografisk knipe
Fødselstala går ned, og det blir ein stadig større andel eldre. Talet på yrkesaktive aukar ikkje. Alle sektorar vil oppleva knapphet på arbeidskraft. For helsevesenet blir imidlertid effekten ekstra sterk, sidan den demografiske utviklinga isolert sett skapar auka behov for helsetenester, på toppen av stadig forventning om meir og betre tenester.

Samhandlingsreform og spesialisering
Kommisjonen peikar på at kommunane får stadig større andel av oppgåvene, i tråd med Samhandlingsreformens intensjon. Både i distriktskommunar, men også sentralt, er det mangel på helsepersonell, og verre vil det bli. Aukande spesialisering i sjukehusa gir utfordringar med å drifta stadig fleire høgspesialiserte fagmiljø.

Forventningsavklaring
Dagens forventning til helsesektoren er ikkje berekraftig. Framskrivingar viser at etterspørselen etter helsetenester må reduserast. Også då vil utfordringa vera stor, men ikkje umogleg. Kommisjonen etterlyser ein nasjonale dugnad for å skapa aksept for «begrensande valg».

Redusera personellvekst og utnytta personell betre
Fleire tiltak kan bidra til å unngå vekst i antal tilsette. Betre bygg og utstyr, digitalisering, oppgåvedeling og organisering er sentrale stikkord. Arbeidsvilkår og arbeidsmiljø må stimulera til at flest mogleg jobbar fulltid, med lågast mogleg fråvere.

Kommisjonen foreslår seks grep
Organisering: eit fleirtal i kommisjonen foreslår at helse- og omsorgstenestene skal organiserast på eitt nivå, i motsetning til dagens organisering med kommune og helseforetak. Det blir også foreslått at institusjonsstrukturen blir gjennomgått, for eksempel ved at lokalsjukehus og sjukeheim blir sett under eitt.

Oppgåvedeling:

·         godt folkehelsearbeid gjer innbyggarane betre i stand til eigenomsorg

·         betre oppgåvefordeling mellom faggrupper, og meir bruk av fagarbeidarkompetanse

·         kombinerte stillingar mellom nivå, fagmiljø og sektorar (bi-stillingar)

·         styrka generalistkompetanse

Arbeidstidsordning: heiltidskultur blir framheva som viktig. Eit fleirtal opnar også for gjennomgang av turnus- og arbeidstid, spesielt i forhold til helgevakter.

Utdanning og kompetanse: desentralisert utdanning og behov for fagarbeiderkompetanse blir framheva, med betre muligheter for karriereutvikling innafor eigen profesjon.

Prioritering: all behandling må vurderast opp mot nytteverdien av behandlinga - både i offentleg og privat tenesteyting. Alle nye behandlingsmetodar og tilbod må vurderast opp mot personellbehov.

Teknologi: automatisering og digitale løysingar må utviklast og erstatta personellinnsats.

Kva foreslår IKKJE helsepersonellkommisjonen?
Det blir ikkje foreslått å importera helsefagleg arbeidskraft frå utlandet. Det er fleire grunnar til dette: Noreg ligg allereie på verdstoppen når det gjeld andel helsepersonell, og bør vera betre rusta enn dei aller fleste til å løysa oppgåva med eigne ressursar. I tillegg er det beredskapsmessig sårbart å basera tenestene på arbeidskraft frå utlandet, slik me opplevde i pandemien.

Tid for handling
Kommisjonen framhever at det ikkje er for seint å justera kursen. Norsk helsevesen er solid. Tiltak i rett tid vil kunne forebygga kollaps i framtida. Men omstillingskravet er tydeleg, både til innbyggarar, politikarar og helsepersonell.

 

Sluttord: For alle som er engasjert i utvikling og arbeidsvilkår i helsevesenet, er rapporten utvilsomt eit svært viktig dokument. Det er store muligheter for å påverka innhaldet i den omstillinga som her blir varsla gjennom faglig funderte medverknad, og det er ingen tvil om at samfunnet vil måtte bruka store ressursar på å gjennomføra dei tiltaka som blir skissert.