Vestlandslegen – første studentane i gang ved SUS, i allmennpraksis frå 2025

Etter fleire års planlegging startar dei første Vestlandslegestudentane utdanninga si ved SUS den 14. august 2023, etter å ha fullført dei tre første åra i Bergen. Indremedisin og kirurgi er hovudfaga det fjerde studieåret, medan allmenn- og samfunnsmedisin kjem for fullt først i siste studieår.
Steinar Hunskår, foto: Paraplyen
Steinar Hunskår, foto: Paraplyen
Steinar Hunkår, foto: Paraplyen

Talet på studieplassar i medisin i Noreg har hatt ein svak vekst over mange år, og legebehov og legedekning i Noreg tilseier at talet på studieplassar i medisin i eit nasjonalt perspektiv må aukast. Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) starta tidleg planlegginga av sitt moglege bidrag i ei eventuell nasjonal auke i talet på studieplassar, med ein grunnidé om å utvikle og utvide samarbeidet om medisinutdanninga som allereie eksisterer på Vestlandet, med bruk av sjukehusa i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde i tillegg til primærhelsetenesta frå Kristiansand i sør til Stad i nord.

 

Studiemodellen Vestlandslegen er UiB sitt innspel til Kunnskapsdepartementet om å auke  utdanningskapasiteten i dei norske medisinutdanningane. Planane for Vestlandslegen inneber ein regional studiemodell der dei tre første åra skal gjennomførast i Bergen, deretter tre år i Stavanger, Haugesund eller Førde, slik at ressursar og kompetanse på heile Vestlandet kan byggast ut og takast i bruk i medisinutdanninga. Regjeringa har vektlagt slike desentrale studiemodellar og bruk av «heile landet», også i medisinutdanninga, med ein sentral campus og så regionale eller lokale campusar der studentane kan opphalde seg i kortare eller lenger tid. Dette ser vi no ved alle dei medisinske fakulteta. Universitetet  i Tromsø sender studentar til Bodø, Hammerfest og Alta, NTNU til Levanger og Ålesund og Universitetet i Oslo har planar om å sende studentar til Kristiansand.

 

Frå hausten 2020 vart UiB 20 nye studieplassar i medisin, og disse plassane vart planlagt som starten av Vestlandslegen. I første omgang skal eit pilotkull på inntil 20 studentar  følgje det eksisterande profesjonsstudiet i medisin i Bergen dei tre første åra av studiet, medan dei tre siste åra skal gjennomførast i Stavanger-regionen. Det er allereie gjort fleire tilpassingar og moderniseringar av studieplanen i Bergen, slik at studentane etter tre år der er meir klinisk førebudde enn før. Dei 20 studieplassane er faste, slik at neste år skal eit nytt kull komme til Stavanger og hausten 2025 kjem det tredje kullet, slik at totaltalet på studentar i Stavanger stadig vil auke.

 

I juni 2020 signerte UiB og Stavanger Universitetssjukehus ein intensjonsavtale om samarbeid om Vestlandslegen. I avtalen inngår også ein intensjon om at det skal utviklast eit trepartssamarbeid mellom UiB, Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus om deler av undervisinga. Samtalar om dette er i gang. Etter kvart som studiemodellen blir bygt ut med fleire studieplassar, vil det bli etablert tilsvarande tilbud i Haugesund og Førde. Maksimaltal for studentar ved kvar studiestad er ennå ikkje  bestemt.

 

Mange av fastlegane i Rogaland kjenner praksisutplassering av studentar i seks veker i siste studieår gjennom aktiv deltaking i ordninga gjennom mange år. Vestlandslegen i Stavanger skal ha større fokus på primærhelsetenesta, både allmennmedisin, kommunale helse- og omsorgstenester og samfunnsmedisin. Det er komme nye nasjonale forskrifter som seier at det skal vere minst 10 veker praksis i primærhelsetenesta i dei norske medisinstudia. I tillegg kjem teoriundervisning. For Vestlandslegen er det meste av denne praksisen planlagt i 6. studieår, mens teoriundervisning vil skje alle studieåra, men mest i siste. Det er planlagt at utplassering i allmennpraksis framleis skal vere i seks veker, og at andre kommunale tenester (sjukeheim, legevakt, helsestasjon, NAV etc.) skal utgjere resten. Vi skal samarbeide med kommunar og institusjonar om slik undervisning og praksis. Med studentane busett i Stavanger, blir logistikken rundt dette mykje enklare. Organiseringa vil bli om lag som no, med ein tilsett fylkeskoordinator (fastlege Inga Cecilie Sørheim i Sauda). For å fremje allmennmedisin i undervisninga ved SUS, er Svein Kjosavik (samhandlingslege ved SUS og spesialist i allmennmedisin) tilsett i bistilling, og fleire mindre og større stillingar er under utlysing og tilsetting dei kommande månadane. Hausten 2025 vil vere første semester der pilotkullet frå i haust skal ha si utplassering i nærområdet. Inntil da er planen at utplasseringa av studentar frå UiB skal halde fram slik den er organisert no, og fastlegane i Rogaland vil framleis frå førespurnad to gonger i året om å ta i mot student i seks veker.

 

Nok praksisplassar i primærhelsetenesta er ei utfordring. Fastlegekrise og vikarbruk er ikkje gode føresetnader for å ta i mot studentar. Og paradoksalt nok er det slik at eit ønska auka tal fastlegar, ALIS og LIS1 lett kan fortrenge studentane ved at ledige kontor blir tatt i bruk og at sambruk av kontor for faste legar vert nødvendig. I tillegg kjem at kompensasjonen frå universitetet for å ha student, ikkje er særleg høg, og dekkar ikkje produksjonstap og driftskostnader fullt ut. Dette er universiteta veldig klar over, og har gjennom lengre tid arbeidd mot sentrale myndigheiter for å betre vilkåra for praksisrettleiarane. Om nye ordningar vert ein del av fastlegeforskrifta, gjennom Legeforeningen sitt avtaleverk eller via kommunane, er ikkje avklart, men både Legeforeningen, Kunnskapsdepartementet og KS arbeider med ulike modellar for framtidige praksisplassar i kommunane.

 

Som ledd i eit prosjekt for fleire og betre praksisplassar, har vi nyleg gjennomført ei undersøking blant 1500 fastlegar. Heldigvis er det mange som framleis kan tenke seg å halde fram som praksisrettleiar og mange nye kan tenke seg å starte opp. Undersøkinga har kartlagt hemmande og fremmande faktorar for å ha student i praksisen. Hos om lag 60% var det kontorsituasjonen som er mest utfordrande, deretter utstyr og driftskostnader, mens det var eit mindretal som fann honoreringa avgjerande. Av fremmande faktorar var mange opptatt av at praksisstudent er viktig for framtidig rekruttering, både nasjonalt, til kommunen og til eige kontor. Dei som hadde erfaring med student anga mange positive erfaringar, med eksempelvis interessante faglege diskusjonar, avveksling i praksisen, kjekt å undervise studentar på eigne pasientar, samt nytten av å bli «kikka i korta».

 

Både universitetet og sjukehuset gleder seg no til å ta fatt med studentane i august. Samtidig skjer planlegginga av femte og sjette studieår for fullt, inkludert undervisninga hos fastlegar og elles i primærhelsetenesta. UiB ønskjer eit sterkt allmennmedisinsk fotavtrykk på undervisninga i Stavangerregionen. Da treng vi eit godt og sterkt samarbeid med både fastlegane og kommunane. Om ikkje så lenge kjem det meir informasjon om studieopplegg og korleis praksis vert utforma. Vi håpar den første gruppa av studentar vert tatt godt i mot både på sjukehuset og etter kvart hos fastlegane og dei andre legane i primærhelsetenesta.