Høringsfrist 28.08.2018
Fristen er utløpt
Kunnskapsdepartementet sender på høyring dei innkomne forslaga til endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning.
Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.
Departementet vurderer normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. Alle innkomne forslag er vurdert i samråd med Samordna opptak (SO), som etter omorganisering av kunnskapssektoren nå er ein del av Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit). Det er gjort greie for forslaga til endringar i vedlagte høyringsnotat
Forslaga om endringar i forskrifta omfattar:
- Kap. 2 Generell studiekompetanse §§ 2-3 og 2-4
- Kap. 4 Spesielle opptakskrav §§ 4-3, 4-4, 4-7, 4-9, 4-10 og 4-11
- Kap. 5 Opptak på visse vilkår § 5-1
Departementet har fått forslag om endringar i opptaksforskrifta frå seks instansar innan den fastsette fristen 15. april 2018. Dei fleste forslaga er omtalte i høyringsnotatet.
Vi gjer merksam på at det er fleire instansar som har meldt inn ønskje om endringar i kapittel 7 Rangering av søkjarar ved opptak. Som følgje av Stortingets oppmodingsvedtak (nr. 887), vil ikkje departementet foreslå endringar i denne omgangen.
Departementet legg til grunn at endringar som er foreslått og som ikkje påverkar val av fag som elevane gjer i vidaregåande opplæring, skal få verknad frå og med opptak til studieåret 2019-2020.