Sammendrag: Etiske spørsmål er ein sentral del av arbeidet i Verdas legeforening. Helsinkideklarasjonen som utkom frå Verdas legeforening i 1964, har betydd svært mykje langt utanfor den medisinske profesjonen. Dokumentet hadde i utgangspunktet ikkje anna autoritet enn at det var resultatet av ein open diskusjon om sentrale medisinsk-etiske dilemma blant legar i mange land. Lovgivarar har teke sentrale punkt i deklarasjonen med i lovgivinga, og i dag kan ingen som driv seriøs medisinsk forsking, anten dei er legar eller ikkje, la vere å ta omsyn til deklarasjonen. I 1997 kom det framlegg til ein omfattande revisjon frå den amerikanske legeforeninga, og i fjor vart arbeidet sluttført.
Ny versjon av Helsinki-deklarasjonen
Førde R. Tidsskr Nor Lægeforen 2001; 121: 6.