Behandlingsavslutning. I det siste har diskusjonen gått høgt om etiske problem knytt til avslutning av livsforlengande behandling hos alvorleg sjuke pasientar. Spørsmålet om behandlingsavslutning skil seg frå spørsmål om aktiv dødshjelp ved at her blir livet forkorta i høve til eit "naturleg" dødstidspunkt. Ved avgrensing av livsforlengande behandling let ein vere å utsette dødstidspunktet ytterlegare fordi behandlinga blir vurdert som nyttelaus. Omgrepet nyttelaus er etisk lada og må brukast med stor varsemd, men i praktisk medisin kjem ein ikkje utanom å vurdere om ei behandling har nytte.
Livsforlengande behandling - ein rett?
Førde R. Aftenposten (morgenutgave) 25.1.2006.