Helsinkideklarasjonen oppdatert

Generalforsamlinga i Verdas legeforeining (WMA) vedtok i Helsinki 19. oktober ei oppdatering av Helsinkideklarasjonen om etiske reglar for forsking på menneske. Deklarasjonen er ein av dei etiske grunnsteinane for medisinsk forsking, og er eit referansedokument for forsking på menneske i alle delar av verda.
Foto: Legeforeningen
LEGEFOREININGA I HELSINKI: Frå venstre: Helsepolitisk direktør Marit Randsborg, generalsekretær Siri Skumlien, president Anne-Karin Rime, leiar i Rådet for legeetikk Svein Aarseth, spesialrådgiver Axel Rød og visepresident i Den europeiske legeforeining, Ole Johan Bakke. Foto: Legeforeininga
Helsinkideklarasjonen oppdateres. foto legeforeningen
Presenterer arbeidet: Den amerikanske legeforeining ved Jack Resneck Jr.

I år er det 60 år sidan Helsinkideklarasjonen blei vedteken for første gong – også den gong i Helsinki. Arbeidet med oppdateringa blei gjort av ei arbeidsgruppe leia av Den amerikanske legeforeining ved Jack Resneck Jr. Ein har gjennomført møter i alle verdsdelar dei siste to åra. Legeforeininga har ikkje vore direkte involvert i arbeidsgruppa, men har  likevel følgt arbeidet tett. 

Den norske legeforeining var i Helsinki representert ved president Anne-Karin Rime, generalsekretær Siri Skumlien, leiar i Rådet for legeetikk Svein Aarseth og visepresident i Den europeiske legeforeining Ole Johan Bakke.

Naudsynt oppdatering 

Kvifor er det naudsynt å oppdatere etiske reglar om forsking på menneske? Resneck peikte på at medisinsk utvikling skapar nye etiske problemstillingar, og at samfunnsutviklinga gir nye perspektiv på etiske spørsmål. Samtykke til bruk av eigne data har mellom anna fått mykje merksemd under arbeidet – i lys av ny teknologi og den aukande innsamlinga av data som blir samla inn om pasientar og forskingsdeltakarar. 

Nokre døme på endringar i teksten er ambisjonen om at prinsippa skal gjelde alle som driv forsking på menneske, både legar og andre forskarar. Teksten er og styrka med omsyn til korleis ein skal trygge forskingsdeltakarar som er i utsette situasjonar.   

 – Styrker tilliten 

Ein deklarasjon om etiske reglar med globalt verkeområde vil måtte balansere ulike perspektiv på ivaretaking av forskingsdeltakarar og tilrettelegging for forsking. 

– Legeforeninga meiner at den oppdaterte Helsinkideklarasjonen bidreg til å støtte opp under tilliten mellom lege og pasient. Vi gratulerer WMA, arbeidsgruppa og leiaren av WMAs medisinsk-etiske komite, Steinunn Þórðardóttir, for å ha landa ein ny versjon av deklarasjonen, seier president Anne-Karin Rime.