
Tittel: Kunstig intelligens, radiomics og andre omics-ar – framtida for billeddiagnostikk av livmorkreft?
Sesjon: Nukleærmedisin, fredag 29. oktober kl 11-1230
Moderator: Mona Elisabeth Revheim, OUS
Rom: Agora 3, Clarion Hotel, Oslo
Livmorkreft er den mest vanlege forma for gynekologisk kreft for kvinner i vestlege land, og førekomsten er aukande. For dei fleste er prognosane gode, med 5-års overlevingsratar >95 %. Prognosane forverrar seg derimot drastisk for kvinner med avansert sjukdom (ned mot 20 %). Alle pasientar som kjem til Haukeland Universitetssjukehus med mistanke om livmorkreft får i dag tilbod om MRI av bekkenet og 18F-FDG PET-CT. Bileta nyttast til å utreie omfanget av sjukdomen og planlegge den vidare behandlinga.
Dei siste åra har radiomics og andre omics’ar vorte utvikla for å nyttiggjere all informasjon som er tilgjengeleg frå bileter, blodprøver, genetikk, vevsprøver osv. Ved radiomics hentar ein ut og analyserar underliggande strukturar i radiologiske bileter, strukturar som ikkje er synlege for menneske, men som kan innehalde informasjon om svulstars biologi, aggressivitet og evne til spreiing. I dette innlegget vil eg presentere prosjekt ved MMIV, der vi ved bruk av kunstig intelligens utviklar automatiske segmenteringsmodellar for livmorkreft og vidare nyttar radiomics og andre omics’ar til å predikere avansert sjukdom og overleving. Målet er at vi i framtida kan nytte denne utvida informasjonsmengda, til å gje livmorkreftpasientane ei behandling som er betre tilpassa den enkelte.