Høstmøte 2023: Overlege og førsteamanuensis Solveig Roth Hoff vert utnemnt til æresmedlem

Radiolog , seksjonsoverlege og førsteamanuensis Solveig Roth Hoff, PhD, ved radiologisk avdeling Ålesund og Volda, Helse Møre og Romsdal, og Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk NTNU, vert utnemnt til æresmedlem i Norsk Radiologisk Forening og held foredrag på Radiologisk Høstmøte 2023 onsdag 25. oktober.
Tittel på æresforedraget; Korleis kan vi legge til rette for god læring?
Solveig Roth Hoff  (Foto:Øyvind Bjerkan)
Solveig Roth Hoff (Foto: Øyvind Bjerkan)

Sesjon; Felles opning onsdag 25. okt kl 10.20           Moderatorar: Fredrik Nomme og Even Hovig Fyllingen

Solveig Kristin Roth Hoff  vart fødd i Volda i 1970 og er oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre. Ho er busett i Ålesund, gift med gastroenterolog Dag Arne Lihaug Hoff. Dei har 3 vaksne barn. 

Uteksaminert Volda gymnas 1989. Cand.med Universitetet i Bergen 1995. Turnusteneste SSSF/ Førde og Askvoll kommune 1995-1997. Ass.lege radiologi SSSF og Haukeland sjukehus. Spesialist i radiologi 2003. Ho avla PhD ved NTNU i 2013 med avhandlinga “Radiological and epidemiological aspects of mammographic screening”. 

Roth Hoff har og har hatt ulike leiarstillingar ved radiologisk avdeling, Ålesund sjukehus   (inkl. ass. avd.sjef, seksjonsleiar for leger og leiar for BDS),  har vore avdelingstillitsvald ved same avdeling. 

Solveig Roth Hoff er ein av dei mest profilerte mammaradiologane  i Norge. Ho har hatt foredrag ved både ECR og RSNA, og har fleire publikasjonar i leiande internasjonale radiologiske tidsskrift. Mellom anna 3 artiklar i Radiology, to av dei som førsteforfattar. Dei fleste artiklane har mammografiscreening og brystkreft som tema, med fokus på korleis ein kan ha høg kvalitet i eit mammografiscreeningprogram. Den siste artikkelen i Radiology (2022), som omhandla bruk av kunstig intelligens innan mammografi, kom på 4. plass for “highest Altmetric score” i Radiology i 2022.

Ho har vore vegleiar for  ein PhD-kandidat (disputas 2021), og to mastergradsstudentar (2020). Ho er i dag vegleiar for tre PhD kandidatar. 

Offentlege utval/oppdrag: 

Medlem av Nasjonal Rådgivningsgruppe for Mammografiprogrammet

Radiologrepresentant, styringsgruppe, Norsk bryst cancer gruppe (NBCG)

Radiologrepresentant referansegruppe, Nasjonalt kvalitetsregister for brystkreft (NBCR)

Frå 2022 er Roth Hoff prosjektleiar for etablering av desentralisert legeutdanning i Helse Møre og Romsdal  med base ved Ålesund sjukehus, MH fakultet NTNU (25 % stilling).

Solveig Roth Hoff (Foto Kristin Straumsheim Grønli)

Vi har utfordra Solveig til å dele nokre personlege tankar om utdanning og læring:

“Eg blei utdanna som radiolog ved tre ulike sjukehus: Førde, Haukeland og Ålesund. Viktige årsaker til at min spesialitet blei radiologi er at eg fekk hospitere ei veke ved radiologisk avdeling på Haukeland under studiet - slik at eg fekk innsikt i korleis det var å arbeide som radiolog - og at eg blei aktivt rekruttert til radiologisk avdeling i Førde mens eg var i turnus. Under spesialiseringstida fekk eg også anledning til å løyse oppgåver som eg uttrykte interesse for, sjølv om det ikkje var vanlege oppgåver for ein assistentlege. Eg har alltid hatt gode mentorar rundt meg, og etter kvart både eldre og yngre kollegaer som eg lærer mykje av. Når det gjeld brystdiagnostikk trivast eg med å vere ein del av eit tverrfagleg team med kirurgar, patologar og onkologar som arbeider tett saman. Medisinen utviklar seg stadig og radiologi er eit breitt fag- så på kvar vakt møter eg diagnosar eller funn eg aldri har sett før. Då er det viktig at ein har kunnskap nok til å vite korleis ein skal finne svar på det som ikkje står  boka  - noko som eg ser som ein viktig del av det å utdanne seg til lege og seinare til spesialist. Bakgrunnen for at eg starta med forsking var eit ønske om å få svar på om kvaliteten av arbeidet vårt var god nok. Dette blei ei doktograds utdanning, som har gitt meg kompetanse til å forhalde meg kritisk til ny kunnskap, arbeide med forsking generelt og vegleie andre.

Eg er no prosjektleiar for NTNU Link som er ei desentralisert legeutdanning av NTNU-studentar i Ålesund- der dei første studentane kom til Ålesund i august 2023. Dette gir meg moglegheit til å utforske ein studiemodell som er ganske forskjellig frå den eg sjølv erfarte som student, men som eg trur legg betre til rette for læring med studentaktiv undervisning og pasientmøter i små grupper der studentane må ta mykje ansvar”.

Styret i NoRaFo har, på grunnlag ei yrkeskarriere med klinisk arbeid,  leiing, forsking og undervisning, funne at dr Roth Hoff kvalifiserer som æresmedlem i  foreninga vår på grunnlag av vesentlege bidrag innan radiologi. Vi gratulerer!

 

Abstract for foredraget på Høstmøte 2023:

Korleis kan vi legge til rette for god læring?

Som radiologar er vi heile yrkeslivet involvert i undervisning. Vi underviser og veileder studentar, LIS, overlegar og andre kollegaer. Dette skjer ofte i form av tradisjonelle forelesningar. Forsking innanfor medisinsk pedagogikk viser at andre undervisningsmetodar kan legge betre til rette for god læring i slike situasjonar, og at læring skjer lettare dersom den som skal lære har ei aktiv rolle.

Solveig Roth Hoff (Foto Kristin Straumsheim Grønli))

 

Vitskaplege publikasjonar:

1.  Larssen TB, Rorvik J, Hoff SR, Horn A, Rosendahl K. The occurrence of asymptomatic and symptomatic simple hepatic cysts. A prospective, hospital-based study. Clin Radiol 2005;60: 1026-1029.

2.            Juel IM, Skaane P, Hoff SR, Johansen G, Hofvind S: Screen-Film Mammography versus Full-Field Digital Mammography in a Population-based Screening Program; the Sogn and Fjordane study. Acta Radiol. 2010 Nov; 51(9): 962-8.

3.            Hoff SR, Samset JH, Abrahamsen AL, Vigeland E, Klepp O, Hofvind S. Missed and  True Interval and Screen-detected Breast Cancers in a Population-based Screening      Program. Acad Radiol. 2011 Apr; 18(4): 454-60.

4.            Hoff SR, Abrahamsen AL, Samset JH, Vigeland E, Klepp O, Hofvind S. Missed Interval and Screening-detected Cancer at Full-Field Digital Mammography and Screen-Film Mammography – Results from a Retrospective Review. Radiology. 2012 Aug;264(2): 378-86.

5.            Hoff SR, Klepp O, Hofvind S: Asymptomatic breast cancer in non-participants of the national screening programme in Norway: a confounding factor in evaluation? J Med Screen 2012 Dec; 19(4): 177-83.

6.            Hofvind S, Skaane P, Elmore JG, Sebuødegård S, Hoff SR, Lee CI. Mammographic performance in a population-based screening program: before, during and after the transition from screen-film to full-field digital mammography. Radiology. 2014 Jul;272(1):52-62.

7.            Moshina N, Ursin G, Hoff SR, Akslen LA, Roman M, Sebuødegård S, Hofvind S. Mammographic density and histopathologic characteristics of screen-detected tumors in the Norwegian Breast Cancer Screening Program. Acta Radiol Open. 2015 Sep 17;4(9).

8.            Aksnessæther BY, Solberg A, Klepp OH, Myklebust TÅ, Skovlund E, Hoff SR, Vatten LJ, Lund JA Does prophylactic radiation therapy to avoid gynecomastia in patients with prostate cancer increase the risk of breast cancer?. Int J Radiat Oncol Biol Phys. 2018 May 1;110(1):211-216.

9.            Hjerkind KV, Ellingjord-Dale M, Johansson ALV, Aase HS, Hoff SR, Hofvind S, Fagerheim S, Dos-Santos-Silva I, Ursin G. Volumetric mammographic density, age-related decline, and breast cancer risk factors in a national breast cancer screening program. Cancer Epidemiol Biomarkers Prev. 2018 Sep;27(9):1065-1074.

10.        Hoff SR, Myklebust TÅ, Lee CI, Hofvind S. Influence of Mammography Volume on Radiologists' Performance: Results from BreastScreen Norway.. Radiology. 2019 Aug;292(2):289-296. doi: 10.1148/radiol.2019182684. Epub 2019 May 28.

11.        Aksnessæther BY, Lund JÅ, Myklebust TÅ, Klepp OH, Skovlund E, Roth Hoff S, Solberg A. Second cancers in radically treated Norwegian prostate cancer patients.  Acta Oncol.2019 Jun;58(6):838-844. doi:10.1080/0284186X.2019.1581377. Epub 2019 Mar 25.

12.        Klungsøyr JA, Vagstad T, Ferle M, Drogset JO, Hoff SR, Dalen AF, Hurschler C, von Falck C, Klungsøyr P. The novel arthroscopic subscapular quadriceps tendon-bone sling procedure provides increased stability in shoulder cadavers with severe glenoid bone loss. Knee Surg Sports Traumatol Arthrosc. 2020 Feb 14. doi: 10.1007/s00167-020-05900-1. [Epub ahead of print]

13.        Tsuruda KM, Hofvind S, Akslen LA, Hoff SR, Veierød MB. Terminal digit preference: a source of measurment error in breast cancer diameter reporting. Acta Oncol. 2020 Mar;59(3):260-267. doi:10.1080/0284186X.2019.1669817. Epub 2019 Sep 30.

14.        Aksnessæther BY, Myklebust TÅ, Solberg A, Klepp OH, Skovlund E, Hoff SR, Fosså SD, Widmark A, Lund JÅ. "Second cancers in patients with locally advanced prostate cancer randomized to lifelong endocrine treatment with or without radical radiotherapy. Long term follow- up of the Scandinavian Prostate Cancer Group-7 trial." Int J Radiat Oncol Biol Phys. 2020 Feb 26. pii: S0360-3016(20)30253-4. doi: 10.1016/j.ijrobp.2020.02.027. [Epub ahead of print]

15.        Hovda T, Tsuruda K, Hoff SR, Sahlberg KK, Hofvind S. Radiological review of prior screening mammograms of screen-detected breast cancer. Eur Radiol. 2021 Apr;31(4):2568-2579.. doi: 10.1007/s00330-020-07130-y. Epub 2020 Oct 1.

16.        Hovda T, Hoff SR, Larsen M, Romundstad L, Sahlberg KK, Hofvind S. True and Missed Ingerval Cancer in Organized Mammographic Screening: A Retrospective Review Study of Diagnostic and Prior Screening Mammograms. Acad.Radiol. 2022 Jan;29 Suppl 1:S180-191. Doi: 10.1016/j.acra2021.03.022. Epub2021 Apr 26.

17.        Grøvik E, Hoff SR. Editorial for “Breast MRI Background Parenchymal Enhancement Categorization Using Deep Learning: Outperforming the Radiologist”. J Magn Reson Imaging. 2022 Mar 28.doi:10.1002/jmri28183. Online ahead of print.

18.        Larsen M, Aglen CF, Lee CI, Hoff SR, Lund-Hanssen H, Lång K, Nygård JF, Ursin G, Hofvind S. Artificial Intelligence Evaluation of 122969 Mammography Examinations from a Population-based Screening Program. Radiology. 2022 Jun;303(3):502-511. Doi:10.1148/radiol.212381. Epub 2022 Mar 29.

19.        Larsen M, Aglen CF, Hoff SR, Lund-Hanssen H, Hofvind S. Possible strategies for use of artificial intelligence in screen-reading of mammograms, based on retrospective data from 122, 969 screening examinations. Eur Radiol. 2022 Jun 15. Doi:10.1007Ø/s00330-022-08909-x. Online ahead of print.

20.        Grøvik E, Hoff SR. Editorial for “Evaluating upstaging in Ductal Carcinoma in Situ using Preoperative MRI-Based Radiomics”. J Magn Reson Imaging.2023 Jan 10.

21.        Hoff SR. Korleis fungerer henvisning til pakkeforløp for brystkreft. Lederartikkel  Tidsskr Nor Legeforen 2023, doi:10.4045/tidsskr.23.0267

Publiserte rapportar:

Tomosyntese i mammografiscreening, statusrapport per desember 2015. Redaktør. Utgitt av Kreftregisteret.

Nordrum, Ivar Skjåk; Romundstad, Tore; Eikeland Skage, Johanne; Samstad, Eivind; Hoff, Solveig Roth; Sand, Kristoffer; Sorger, Hanne; Knobel, Heidi; Åsvold, Bjørn Olav. (2021). Desentral legeutdanning i Møre og Romsdal med base i Ålesund. Er det en mulighet?